Kor mykje skaper landbruket i Rogaland?

Rogaland er det suverent største fylket innan matproduksjon i Norge. Rundt 17 000 personar er sysselsette i matnæringa. Men kor store verdiar blir eigentleg skapte?

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.05.2016

Førstkomande fredag blir verdiskapingsrapporten lagt fram. Rapporten er utarbeidd av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Østlandsforskning, og gir eit godt bilete på samfunnsbidraget til landbruket i Rogaland – og ikkje minst viktige utviklingstrekk i landbruksnæringa.

Rapporten tar føre seg verdiskapinga hos bøndene og tilknytt industri. Ei tilsvarande kartlegging blei gjort i 2010 og viste ei samla verdiskaping på 4,5 milliardar kroner i Rogaland den gongen. Nå er spørsmålet om det har gått opp eller ned?

Det er NIBIO-forskar Heidi Knutsen som er ansvarleg for rapporten og som presenterer resultata. I tillegg til henne blir også desse til stades under pressekonferansen:

- Geir Skadberg, landbruksdirektør, Fylkesmannen i Rogaland
- Ole Andreas Byrkjedal, leiar i Rogaland Bondelag
- Olav Sande, Rogaland Bondelag

Rapporten er utarbeidd på oppdrag frå Rogaland Bondelag.

Tid/stad: fredag 27. mai kl. 10.00 – 11.30 i fylkesutvalssalen, Rogaland fylkeskommune (oppmøte i resepsjonen kl. 09.45).

Av omsyn til tilrettelegging og planlegging er det fint om de gir beskjed om de kjem. Send e-post til kommunikasjonssjef hos Fylkesmannen i Rogaland, John Gunnar Skien (tlf. 51 56 88 30 / mobil 909 98 144).

Kontaktpersonar:

Geir Skadberg, landbruksdirektør, Fylkesmannen i Rogaland. Tlf. 51 56 89 64 / mobil 971 74 751
Olav Sande, organisasjonssjef, Rogaland Bondelag. Mobil 900 66 374

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.