Meir stabil mjølkeproduksjon i distrikta

Tal for mjølkekvotar i Rogaland har dei siste åra har vist ei utvikling med auka mjølkemengde på Jæren, medan mjølkeproduksjonen i distrikta har gått ned. Dei siste tala kan tyde på at mjølkeproduksjonen i distrikta er i ferd med å stabilisere seg. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.04.2013

I perioden frå 2008 til 2012 har mjølkekvotane i Rogaland i sum auka med 2,2 % frå 286 000 tonn til 292 000 tonn. På Jæren har auken vore på 4,4% frå 179 000 tonn til 187 000 tonn. Jæren har om lag 64 % av total mjølkekvote i Rogaland. I same femårsperspektiv gjekk mjølkekvotemengda i distrikta ned med 1,1 %  frå 106 000 tonn til 105 000,  men det siste året viste ei anna utvikling.

Mjølkekvotar i tonn i perioden 2008 til 2012 for ulike regionar i Rogaland

Auke i mjølkekvotane i Ryfylke og Haugalandet
Mjølkekvotane i områda utanom Jæren viste frå 2011 til 2012 ein auke på 1,2 % frå 104 000 tonn til 105 000 tonn. Dalane hadde framleis ein nedgang på - 0,2 % frå 2011 til 2012, medan Haugalandet hadde ein auke på 1 % og Ryfylke hadde ein auke på 2,4 %. I Rogaland totalt sett auka mjølkekvotane det siste året med 1,3 %, ein auke på 3 664 tonn. På Jæren var auken på 1,3 %, tilsvarande 2 428 tonn.

Framleis nedgang i tal bruk med mjølkeproduksjon
Når vi ser på utviklinga i tal bruk med mjølkekvote i Rogaland, så blir det stadig fære bruk med mjølkeproduksjon. I fylket blei det i perioden 2008-2012 totalt 167 færre bruk med mjølkekvote, ein nedgang på om lag 7 %. På Jæren var det ein nedgang på 79 bruk, i Dalane 24, Ryfylke 35 og på Haugalandet 29 færre bruk med mjølkekvote. I 2012 var det totalt 2 234 bruk med mjølkekvote i Rogaland.

Auke i mjølkekvota per bruk
Som tabellen under viser, har mjølkekvoten per bruk auka kraftig i perioden 2008 til 2012. Det tyder på at strukturutviklinga med større og færre mjølkebruk i Rogaland held fram. 

Gjennomsnitt mjølkekvote i liter per bruk

 

2008

2009

2010

2011

2012

Endring

Dalane

105 560

109 718

111 166

110 692

113 526

  7,55 %

Jæren

139 949

144 234

148 648

151 406

155 693

11,25 %

Ryfylke

  93 309

  94 683

  95 496

  97 789

  99 381

  6,51 %

Haugalandet

  89 585

  92 140

  94 822

  95 438

  96 905

  8,17 %

Rogaland

118 959

122 643

125 838

127 838

130 851

10,00 %

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.