Fruktprodusentar får kompetanseheving
Kunnskap er nøkkelen til god fruktproduksjon. Av den grunn vert det arrangert nybyrjarsamlingar for nye og potensielle fruktdyrkarar 4. og 6. juli på Hjelmeland.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Der lærer dei meir om beskjering, ugras, insekt, sopp og plantevern. Ulike frukthagar vert også vitja for å sjå og lære. Terje Pundsnes frå Rogaland Fruktdyrkarlag har mykje kunnskap om dette og gir det vidare til interesserte deltakarar.
Det har vore svært stor interesse for nybyrjarsamlingane. Første samling var 8. juni med 14 deltakarar og med 16 personar på venteliste. For å kunne gi tilbod til alle, er det satt opp nye samlingar. Her er oversikta:
- 4. juli – Nybyrjarsamling (dei som har lyst til å starte med fruktproduksjon, men vil vite litt meir først)
- 6. juli – Samling for dei med litt erfaring (for dei som har søkt og fått midlar frå Innovasjon Norge)
- 4. august – Samling nr 2 for dei med litt erfaring
- 8.august – Nybyrjarsamling nr 2 for dei ferske
Det planleggast også ei felles samling i veke 41, samt at Rogaland Fruktdyrkarlag planlegg ein studietur til Syd Tyrol i oktober/november.
Arrangørar av samlingane er Rogaland Fruktdyrkarlag og Bedriftsutvikling i Ytre Ryfylke.
Kontakt Kari Sand
Kari Sand
Kari.Sand@strand.kommune.no
Tlf: 950 31190