Det er ei stor glede å vere bonde

Det er ei stor glede å vere bonde, det er eit godt liv med mykje kjekt arbeid sa Reidun Oline Skadsem på Ryfylkegarden Holta 26. november 2012 under ei samling for kvinnelege bønder og kvinner som bur på gard.  25 kvinner frå Strand, Forsand og Hjelmeland var samla.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.12.2012

Mange vart overraska over at Reidun Oline Skadsem tok over heimegarden i 1978. Ho studerte i Bergen og trudde det var psykolog ho skulle bli. Men så ville ho heller bli bonde, og har aldri angra på det. I 1978 var det ikkje mange kvinnelege bønder og det var heller ikkje heilt enkelt at ei kvinne skulle ha inntekta frå garden. Ei venninne av Reidun Oline meinte at sidan ho ikkje hadde mann då ho overtok garden, så burde ho i det minste ha to traktorar. Mann og born vart det på henne, og ungane har heile tida vore med i gardsarbeidet. Det er gildt å vere på ein gard og hjelpe til.

Kunnskap er viktig for Reidun Oline Skadsem, både Tine, Forsøksringen og regnskapskontoret. Bruk rådgivarane og rekneskapskontora – sjå på tala, er det noko som kan endrast for at tala kan bli betre?

Elsa Haukelid er 31 år, kjem frå Finnøy og har drive gard på Haukeli i Forsand saman med mannen sin sidan 2004. Det har vore eit mål å bygge opp drifta slik at minst ein kunne vere bonde på fulltid. Dei starta med hønsehus til 7500 verpehøns i 2004, utvida til oppalshus for rugeegghøner i 2007 og starta no i haust gravearbeid til oppalshus nr 2. Investeringane gir godt inntektsgrunnlag , arbeid for to og godt utgongspunkt for dei som skal drive vidare i neste generasjon.

Elsa er oppteken av at dei skal gjere ting saman, dele på pliktane i og utanfor heimen, og ikkje minst engasjere seg i lokale lag og organisasjonar. Dette gir inspirasjon, forståing, kontaktar, sosialt påfyll og innspel frå andre.

Sissel Nerhus fortalte også om sitt liv som bondekone, serveringsbedrift og inn på tunet.

Fleire av deltakarane var interessert i å starte erfaringsgrupper innan sau, gris og/eller ku. Reidunn Ferstad i Norsk Landbruksrådgivning Rogaland kan hjelpe med dette. Det går også an å søke økonomisk støtte til slike grupper.

Etter møtet har det gått ut epost til deltakarane om at ”Kvinner som bur på gard eller kvinnelige bønder” er på Facebook. Dette er ei lukka gruppe, og deltakarane i gruppa kan gjerne invitere med fleire som oppfyller desse vilkåra.

 

Kontaktperson: Kari Sand, 950 31 190

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.