Bøndene vil ha friskare storfe
Alle storfebesetningar i Finnøy kommune skal sjekkast for smitte av virus, og bøndene skal fordjupe seg i smittevern.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Finnøy-bøndene er med i eit pilotprosjekt der dei skal teste ut ein ny metode for å redusere omfanget av, eller aller helst, bli kvitt virus. Alle bøndene skal ha samtale med veterinær om dyrehelse, moglege smittevegar og smittevern, og det skal takast blod- og mjølkeprøvar av dyra. Dette gjer bøndene for å redusere dei økonomiske tapa og auke dyrevelferda.
Smitte gir auka kostnader
Det tre-årige prosjektet «Utrydde smittsomme sykdommer i besetninger i Finnøy produsentlag» er godt i gang. Prosjektleiar Helene Sejersted Bødtker, TINE-veterinær, har per november besøkt 17 av 79 gardsbruk. Dyra blir undersøkt for smitte av to hissige virustyper som gir lungeproblem og diarè, Bovint Respioratorisk Syncytial (BRSV) og Bovint Corona Virus (BCoV). Smitta dyr blir slappe og får i seg for lite næring. Dette slår ut i redusert produksjon av kjøt og mjølk. For bonden gir det store økonomiske tap i form av redusert produksjon og ekstrakostnader til behandling og restituering av dyra.
Det er tre viktige faktorar som bøndene må ta meir inn over seg:
- Rask varsling ved smitteførekomst. Reduserer dermed sjansen til at smitten blir spreidd.
- Daglegdags smittevern (mellom anna rett bruk av smittesluse)
- Hygiene i mjølkerom
Felles innsats gir positiv utvikling
Finnøy-prosjektet bygger opp under eit nasjonalt kontrollprogram for BRSV og BCoV som blei starta for to år sidan. Målet er å få til ein betydeleg reduksjon av sjukdommar desse to virusa forårsakar ved å ta kontroll over dei viktigaste smittevegane som er livdyromsetnad, personell inn og ut av besetninga samt utstyr. Førebels resultat viser at kontrollprogrammet og innsatsen frå veterinærane og bøndene verkar positivt inn.
Les meir om kontrollprogrammet for BRSV og BCoV.
Offentleg engasjement
Fylkesmannen i Rogaland jobbar aktivt saman med husdyrnæringa, industrien, veterinærane og FoU-miljøa for å få betre dyrehelse og dyrevelferd i Rogaland. Vi finansierer fleire prosjekt med dyrehelse og dyrevelferd som tema, mellom anna dette Finnøy-prosjektet.