Bli med til Hjelmeland og høyr om opplevingsturisme

Går det an å tene pengar på naturen? Johannes C Apon frå Outdoorlife Norway kjem til Hjelmeland 20.mars kl 19 for å fortelje si historie om korleis han har fått det til.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.03.2018

Preikestolen og Kjerag er dei store trekkplastera i regionen, og dei fleste vil sjå desse ikonane. Mange av turistane som kjem til Ryfylke vil også sjå og oppleve noko meir, noko som er annleis. Johannes C Apon i Outdoorlife Norway er kanskje mest kjend for sine trugeturar og soloppgongsturar til Preikestolen, men han tilbyr også andre turar. Han kjem til Hjelmeland 20. mars kl 1900 for å fortelje si historie.

Johannes C Apon er utdanna innan naturbasert reiseliv frå NMBU og har eit år tilleggsutdanning som arktisk naturguide på Svalbard. Han kjenner marknaden og veit kva kundane vil ha, og har også god kunnskap om trendar innan reiseliv. I dag har Outdoorlife 4 tilsette, og har aktivitetar heile året.

Tid: 20.mars 2018 kl 1900

Stad: Kommunestyresalen, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland

Inga påmelding eller deltakaravgift

Arrangør: Bedriftsutvikling i Ytre Ryfylke, Lysefjorden Utvikling as og Hjelmeland kommune

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktperson