Bli inspirert på fruktsafari

På Helgøy i Hjelmeland er det dei siste åra planta om lag 25 000 trær med eple, plommer, pærer og morellar etter dei nyaste plantemetodane. I tillegg har dei automatisk vatning og gjødslingsanlegg. Bli med på fruktsafari og sjå det med eigne auge.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.05.2017

Fruktsafarien blir arrangert på Helgøy tysdag 23. mai kl. 1900 - 2100.

Ta gjerne med neste generasjon slik at og ungdomane blir inspirerte. Marknaden spør etter meir norsk frukt og til hausten blir det nye fruktpakkeriet i Årdal opna.

Målgruppa er potensielle og nye fruktdyrkarar frå Dalane, Haugalandet, Ryfylke og elles i Rogaland.

Påmelding og meir informasjon: Kari Sand, mobilnr. 950 31 190 eller e-postadresse kari.sand@strand.kommune.no

Frist for påmelding er 22. mai.

Pris: Gratis, men grunna skyss med båt frå Grønvik eller Fiskå (Parkering ved Fiskåvegen 1016, 4120 Tau) til Helgøy treng vi påmelding

Arrangør: Bedriftsutvikling i Ytre Ryfylke og Rogaland Fruktdyrkarlag

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktperson