Betre økonomi i jordbruket vårt

Tal frå NILF viser ein auke i jordbruksinntekta på gardsbruk i Rogaland og Agder frå 2011 til 2012.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.05.2014

Jordbruksinntekta gjekk på Jæren opp med 14 % til kr 321 900 per årsverk, som er det høgaste i landet. I resten av regionen var auken på heile 18 % og kom på kr 278 700 per årsverk.

Kombinasjonen mjølk og svinehald er driftsforma som har høgast inntekt, kr 390 500 i 2012. Mjølkemengda i denne driftsforma auka med 9 % til 215 700 liter, medan mjølkeprisen steig til 4,76 kr per liter. Prisen på svinekjøtt og storfekjøtt auka også frå 2011 til 2012. Samtidig gjekk arbeidsinnsatsen ned med 6 % til 2,1 årsverk på desse bruka. Alt dette bidrog til auken i jordbruksinntekt.

Det er mest vanleg med mjølkeproduksjon i vår region. Omsett mjølk auka med 8 % til 227 000 liter per bruk på Jæren, medan i resten av region var mjølkeomsetninga på 122 700 liter (+ 7 %). På Jæren hadde denne driftsforma ei jordbruksinntekt på kr 340 300 per årsverk, heile 27 % høgare enn i 2011. Produksjonsinntekta auka med 10 % medan kostnadene gjekk opp med 9 %. Her var det óg snakk om redusert arbeidsinnsats og om lag uendra rentekostnader som bidreg til den store auken for denne gruppa. I resten av Rogaland og Agder låg jordbruksinntekta på kr 258 600 per årsverk i 2012, som var 19 % høgare enn året før. Produksjonsinntekta og kostnadene auka med 9 %, medan det er redusert arbeidsinnsats og uendra rentekostnad som gir den store auken i jordbruksinntekta.

Produksjonsinntekt i kombinasjonen mjølk og sauehald i resten av Rogaland og Agder auka med 14 %, medan kostnadene gjekk opp med 13 %. Igjen så er det redusert arbeidsinnsats og moderat auke i rentekostnader som genererte auka jordbruksinntekt i 2012 til kr 284 900.

Driftsoverskotet per bruk, som er inntekter minus kostnader og avskrivninger, var i middel for Jæren kr 596 800. Dette utgjorde 57 % av dei samla inntektene til familien, 3 prosentpoeng meir enn året før. Tilleggsnæring utgjorde 2 prosent og lønnsinntekt 32 % av familien si inntekt. I resten av Rogaland og Agder utgjorde driftsoverskotet frå jordbruk 45 % av familiens samla inntekter, som var ein auke på 4 prosentpoeng. Tilleggsnæringar utgjorde 8 % og skogbruk 1 %, medan lønnsinntekter utgjorde 29 %.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.