Auka næringsinntekt på Haugalandet

Bøndene på Haugalandet har i 2011 hatt ein auke i skattbar næringsinntekt på omlag kr 13 000 etter renter og avskriving. Gjennomsnitt næringsinntekt i 2011 var på kr 224 996.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.12.2012

Dette viser gjennomsnittstal frå Tveit Regnskap AS. Tala er henta frå gardsrekneskapen på i alt 234 bruk frå Nord-Rogaland og Sunnhordland. Sjølv om denne auken var solid, så var auken mindre enn året før. I 2010 var det nemleg ein auke på omkring 21 000 kroner etter rente og avskriving.

Dei største produksjonane på Haugalandet er mjølk og gris. For desse produksjonane blir det stadig færre bruk som i aukande grad spesialiserar seg. Dette ser vi tydelegast i grisenæringa. I tillegg til produksjonsauke var det stabilt marknad og ein moderat kostnadsvekst i denne næringa, noko som førte til solide resultat i 2011.

Kostnadane på innsatsfaktorane har vore relativt stabil i 2011, men med noko auke på diesel og kunstgjødsel. På grunn av aukande prisar på importerte råstoff, er det forventa ein kostnadsauke på kraftfôr framover. I eit området som Haugalandet med omfattande kraftfôrkrevjande produksjonar, bidreg ei slik utvikling til eit aukande kostnadsnivå, noko som kan redusere lønnsemda i tida framover.

Mjølkeproduksjon på Haugalandet hadde nesten likt resultat som året før. Den positive effekten av stigande mjølkeprisar (i underkant av 10 øre/ literen) blei redusert på grunn av noko høgare kostnader. I snitt hadde bøndene i området 22,48 kyr, noko som var 1,7 ku meir enn året før. Auken i kvotestorleik skjer no meir òg meir på innleidd kvote, og kjøp av kvote var nede i 2749 kr pr. bruk. Usikkerheit om korleis kvotesystemet vil sjå ut, samt ein avgrensa mengde mjølk på marknaden blir trekt fram som moglege årsaker til dette.

For produsentar av storfékjøt var lønsemda omtrent den same som året før, med om lag same utbetalingspris og dekningsbidrag som året før. Sett i lys av eit stadig aukande underskot på norskprodusert storfèkjøt er denne stagnasjonen i lønsemd bekymringsfull.

Sauenæringa har òg stabilisert seg på eit lønsemdsnivå på snaut 600 kr pr. vinterfôra sau. Det har vore stor merksemd for å auke lønsemda for sauenæringa, men ein slit med å få tilstrekkeleg effekt av tiltaka. Både utbetalingspris (opp litt over 1 kr pr. kg) og tilskot (opp ca. 150 kr pr. vinterfôra sau) blir motrekna mot aukande kostnader til fôr, forbruksartiklar m.v.

Den store aktiviteten på nybygg og utvidingar dei siste åra, stagnerte i 2011 og viste ein nedgang på om lag 17.000 kr pr. bruk i høve til året før. Dette gjeld óg investeringar i maskinar, men i mindre grad, -5500 kr pr. bruk. Rentekostnadane viser ein svak oppgang i høve til 2010, i snitt hadde kvar Haugalandsbonde om lag kr 80.000 i renteutgifter.

Gjelda har auka mykje dei siste åra. I høve til 2007 har snittgjelda gått opp med kr 579 000 til over 2 millionar kr. Gjeldsprosenten, som viser kor stor del av eigendelane som er finansiert med framand kapital, har gått opp frå 52 % i 2007 til 58 % i 2011.

Inntekt utanom bruket aukar jamnt og trutt, og på Haugalandet. Det har no kome opp på 326.000 kr i snitt, noko som er ein auke på 10.100 kr i høve til 2011.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.