Tid for å søkje regionalt miljøtilskot i Rogaland

Frå 15. september kan du som er bonde søkje regionalt miljøtilskot, til dømes tilskot til skjøtsel av bratt areal, beite av kystlynghei, vedlikehald av turstiar eller miljøvennlig gjødselspreiing. Siste frist for å søkje er 15. oktober.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.09.2020

Vi anbefaler å levere søknaden elektronisk via Altinn. Det er også mogleg å levere papirsøknad til kommunen driftssenteret ligg i. Du søkjer på dei tiltaka som er gjort i vekstsesongen 2020, altså i etterkant. Søknaden blir behandla av kommunen, og godkjende søknadar blir utbetalt i mars 2021. Tilskotssatsane som er oppgitt i rettleiinga er førebelse, og kan bli justert dersom tilskotsramma blir overskriden. 

Rettleiing til regionalt miljøtilskot i Rogaland

Fylkesmanne i Rogaland har utarbeida ei rettleiing som viser kva slags tilskotsordningar du kan søkje på, førebelse tilskotssatsar og vilkår for ordningane. 

Einskilde ordningar gjeld berre i utvalde delar av Rogaland, så les vilkåra før du søkjer. Du kan kontakte landbruksforvaltninga i din kommune dersom du treng hjelp til søknaden.  

Slik søkjer du elektronisk

Landbruksdirektoratet har laga ein hjelpevideo for korleis søkje regionalt miljøtilskot elektronisk, sjå http://guidecloud.se/landbruksdirektoratet/188.guide

Alle tiltak skal teiknast inn i kart

I elektronisk søknad startar du med å teikne i kart. Vi anbefaler å sjå hjelpevideoen før du startar. Dersom tiltaka er på same stad som i fjor, kan du importere inn karttiltaka frå 2019. Dei som leverer inn papirsøknad må levere papirkart saman med søknaden.

Plikt til å sette seg inn i vilkår for tilskot og til å gi korrekte opplysningar

Alle som søkjer regionalt miljøtilskot har plikt til å sette seg inn i vilkåra som gjeld. For mange av tilskotsordningane er det gitt skjøtselsråd. Skjøtselsråda er retningsliner for korleis skjøtselen skal vere for å oppnå ein gitt miljøverdi. For å ha rett på tilskot må tiltaket vere gjort i tråd med råda.

Kommunen kontrollerer opplysningane som er gitt i søknaden. Dersom kommunen finn feilopplysningar som kunne ha ført til urettmessig utbetaling av tilskot, må kommunen vurdere å avkorte i tilskotet. Ei avkorting betyr reduksjon av utbetalt tilskot. Det er difor viktig å sjekke at opplysningane stemmer før søknaden blir levert. 

Søknadar levert etter 15. oktober blir trekt 1000 kr per dag   

Søknadar som blir levert inn etter søknadsfristen 15. oktober blir trekt med 1000 kr per dag. Søknadar som blir levert seinare enn 29. oktober blir avvist. Fylkesmannen kan dispensere frå søknadsfristen dersom det oppstår noko spesielt.  

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.