Høyring av Regionalt miljøprogram i Rogaland 2019 – 2022

Regionalt miljøprogram, RMP gir oversikt over kva slags regionale miljøtilskot bøndene kan søkje på i Rogaland. Ny programperiode er 2019 – 2022, og frist for å kome med uttale er 18. februar.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.01.2019

Fylkesmannen i Rogaland legg i samråd med Rogaland bondelag og Rogaland bonde- og småbrukarlag nytt Regionalt miljøprogram 2019 – 2022 ut til høyring.

Tysdag 22. januar er det opent høyringsmøte der endringane blir presentert 

Meiningar om Regionalt miljøprogram?

Send svar på høyringen til Fylkesmannen i Rogaland, anten via e-post til: fmropost@fylkesmannen.no eller per post til:

Fylkesmannen i Rogaland
pb 59
4001 Stavanger

Høyringsfristen er 18. februar.

Kort om Regionalt miljøprogram

Regionalt miljøprogram blei innført i 2005 for å stimulere bøndene til å gjere miljøtiltak på sin driftseining. Kvart fylke har sitt miljøprogram som skal speile dei regionale miljøutfordringane, og gi oversikt over kva slags regionale miljøtilskot som gjeld i fylket. Økonomisk ramme blir årleg forhandla fram i jordbruksoppgjeret, og i 2018 hadde Rogaland 37,6 millionar kroner til disposisjon.

Landbruksdirektoratet kom hausten 2018 med ny nasjonal intruks for regionalt miljøtilskot. Her er det definert kva slags tilskotsordningar fylka kan velje å ta i bruk. Hovudmåla i Regionalt miljøprogram er:

  • redusere forureining til vatn og luft
  • ta vare på kulturlandskap og kulturminne
  • legge til rette for friluftsliv
  • ta vare på biologisk mangfald.

 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.