Utlysing av regionale midlar til klima- og miljøtiltak

I år har Fylkesmannen i Rogaland 450 000 kr til å støtte prosjekt som kan bidra til å løyse våre regionale klima- og miljøutfordringar knytt til jordbruket. Frist for å søkje er 15. mars.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.02.2014

Dei regionale midlane kjem i tillegg til nasjonale midlar. Til fylket ønskjer vi mindre, og meir lokalt tilpassa prosjekt. Større prosjekt av nasjonal overføringsverdi anbefalar vi blir omsøkt nasjonalt til Statens landbruksforvaltning.  Sjå www.slf.dep.no.  NB! Frist for å søkje støtte frå nasjonalt klima- og miljøprogram er 15. februar.

Søknadar som understøtter strategiar i Regionalplan landbruk om miljø- og klimatiltak i jordbruket vil bli prioritert. For 2014 ønskjer vi særskilt å få inn søknadar på følgjande tema:

  • Fellestiltak som mobiliserer jordbruket til auka miljøinnsats
  • Kartlegging av avlingsnivå på areal kor det er etablert miljøavtalar
  • Informasjonstiltak vedrørande oppfølging og forståing av miljøplan
  • Kartlegging av behov for reinseparkar, og tiltak mot erosjon i nedslagsfelt til sårbare vassdrag
  • Utvikling av rettleiar for handtering av vaskevatn i driftsbygningar
  • Vurdering av næringsinnhald i gjødsel frå pelsdyr 
  • Vurdering av næringsavrenning frå veksthusproduksjon

Fylkesmannen vil maksimalt gi tilskot inntil 70 % av prosjektet sin totale kostnadsramme.  I særlege tilfelle kan det bli gitt tilskot utover dette. 

Søknaden skal sendast per post eller e-post til:

Fylkesmannen i Rogaland
Landbruksavdelinga
pb 59
4001 Stavanger

E-post: fmropost@fylkesmannen.no

 

Søknaden må minst innehalde følgjande:

  1. Grunnopplysningar:
    1. Prosjekteigar: Namn, organisasjonsnummer, Adresse, postnr, poststed, kontonummer, telefonnummer og e-postadresse
    2. Kontaktperson: Namn på kontaktperson/ansvarleg for prosjektet
    3. Namn på eventuelle samarbeidspartnarar
  2. Prosjektet sin tittel
  3. Prosjektperiode
  4. Prosjektet sine mål, eventuelt delt inn i hovudmål og prosjektmål
  5. Prosjektomtale:
    1. Bakgrunn
    2. Kva skal gjerast og korleis tenkjer de å gå fram?
    3. Framdriftsplan
  6. Økonomi.
    1. Kostnadsoverslag
    2. Finansieringsplan

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar