Endelege satsar for regionalt miljøtilskot 2024
Så godt som heile potten på 83,8 millionar kroner er brukt opp til miljøtiltak i jordbruket.
Statsforvaltaren har i samråd med styringsgruppa for "Regionalt miljøprogram - RMP" og "Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket - SMIL" fastsett dei endelege satsane for regionalt miljøtilskot i 2024.
Dei økonomisk rammene for RMP var for søknadsomgangen 2024 på 83,8 millionar kroner. Justering av satsane gjer at 100 prosent av dei økonomiske rammene for RMP blir brukt opp i søknadsomgangen 2024 med eit forbruk på 83 618 495 kroner.
I botnen av denne artikkelen og i vedlegget til høgre kan du sjå dei endelege satsane fastsett av styringsgruppa i RMP og SMIL for søknadsomgangen 2024.
Utbetaling
I søknadsomgangen 2024 har kommunane førebels godkjende 2081 søknadar om regionalt miljøtilskot i Rogaland. Landbruksdirektoratet utbetaler tilskotet 13. mars 2025. Det blir ikkje sendt ut tilskotsbrev på papir, men søkjarar finn vedtaksbrevet i "Min meldingsboks" i Altinn. Søkjarane får varsel om brevet på e-post eller SMS.
Klage på vedtak om utbetaling
Søkjarar som vil klage på vedtak om utbetaling av regionalt miljøtilskot må gjere det innan tre veker frå tilskotsbrevet er mottatt. Klagen skal dei rette til sin kommune. Dersom kommunen ikkje tek klagen til følgje, går saka vidare til Statsforvaltaren som er klageinstans for vedtak fatta av kommunen.
Endeleg satsar RMP søknadsomgangen 2024
Tabell 1: Oversikt over RMP tiltak og dei endelege satsane fastsett av styringsgruppa i RMP og SMIL
Tiltak |
Endeleg sats 2024 |
Kulturlandskap |
|
Drift av bratt areal |
|
Fulldyrka og overflatedyrka (1:5 og 1:3) |
181 kr per dekar |
Innmarksbeite (1:5 og 1:3) |
161 kr per dekar |
Beiting av verdifull jordbruksareal i innmark |
|
|
500 kr per dekar |
Drift av beitelag |
|
|
25 kr per dyr |
Biologisk mangfald |
|
Slått av slåttemark og slåttemyr |
|
|
2000 kr per dekar |
Beiting av kystlynghei |
|
Svært viktig |
70 kr per dekar |
Viktig |
40 kr per dekar |
Lokalt viktig |
10 kr per dekar |
Brenning av kystlynghei |
|
|
400 kr per dekar |
Skjøtsel av biologisk verdifullt areal |
|
|
300 kr per dekar |
Skjøtsel av trua naturtypar |
|
|
500 kr per dekar |
Skjøtsel av styvningstre |
|
|
600 kr per tre ved styving |
Soner for pollinerande insekt |
|
Eiga stripe, generell frøblanding |
50 kr per meter |
Eiga stripe, regional frøblanding |
70 kr per meter |
Tilgrensande kantsone |
70 kr per meter |
Tilrettelegging av hekke- og beiteområde for fugl |
|
Vipestripe (Høg tilrettelegging) |
900 kr per dekar |
Våtmarksbeiting (Låg tilrettelegging) |
500 kr per dekar |
Kulturminner og kulturmiljø |
|
Skjøtsel av automatisk freda kulturminne |
|
|
100 kr per dekar |
Skjøtsel av enkeltståande automatisk freda kulturminne |
|
|
500 kr per gravminne |
Drift av seter |
|
4-6 veker |
80 000 kr per seter |
6 eller meir veker |
120 000 kr per seter |
Friluftsliv |
|
Vedlikehald av turstiar i jordbrukslandskapet |
|
|
9 kr per meter |
Avrenning til vatn |
|
Grasdekt kantsone i åker |
|
Korn |
35 kr per meter |
Potet/grønsaker |
55 kr per meter |
Kantsone i eng |
|
Prioriterte område |
25 kr per meter |
Andre område |
10 kr per meter |
Grasdekte vassvegar og grasstripe i åker |
|
Korn |
35 kr per meter |
Potet/grønsaker |
55 kr per meter |
Utslepp til luft |
|
Nedfelling av husdyrgjødsel |
|
|
81 kr per dekar |
Nedlegging av husdyrgjødsel |
|
|
81 kr per dekar |
Spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange |
|
|
51 kr per dekar |
Jord og jordhelse |
|
Fangvekst som underkultur |
|
|
300 kr per dekar |
Fangvekst sådd etter hausting |
|
|
300 kr per dekar |
Spreiing av biokol |
|
|
15 kr per kg |
Klimarådgiving og miljøavtaler |
|
Klimarådgiving |
|
To-til-ein rådgiving |
8000 kr |
Ein-til-ein rådgiving |
6000 kr |
Grupperådgiving |
2000 kr |
Miljøavtale |
|
Trinn 1 |
100 kr per dekar |
Trinn 2 |
95 kr per dekar |