Bevaringsverdige husdyrrasar
Mange av dei gamle sauerasane står i fare for å forsvinne fordi det er så få individ att. Difor er det no innført tilskot i Regionalt miljøprogram i Rogaland for å fremje sauerasane som har sitt opphav frå Vestlandet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Ein kan på mange måtar seie at desse rasane er på jordbruket si "raudliste for trua rasar". Det er Norsk genressurssenter som avgjer om ein rase er bevaringsverdige eller ikkje. Kriteria er mellom anna at rasen skal ha vore i Noreg i minst 5 generasjonar utan vesentlig import av nytt avlsmateriale, og at den skal ha hatt næringsmessig eller kulturhistorisk betyding
I år er første året landbruksføretak kan søkje regionalt miljøtilskot for bevaringsverdige husdyrrasar i Rogaland. Det er sauerasane; Rygjasau, Fuglestadbrogete sau, Blæset sau, Dalasau, Gamalnorsk spæl, og storferasane; Vestlandsk raudkolle, Vestlandsk fjordfe og Telemarksfe tilskotet gjeld for. Førebels sats er kr 170 for vaksne sauar og kr 1500 per ku.
Sau må vere registrert som rasereine i låst rasekode i sauekontrollen. Raselaga har reist rundt til besetningar landet over for å vurdere og registrere rasereine dyr. Kommunane vil få tilsendt oversikt gitt ut av sauekontrollen i samband med handsaming av søknadar om tilskot.
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66