Gjerdeklyvarar – bruer til kulturlandskapet
I Rogaland får bøndene gjerdeklyvarar og hundeportar gratis gjennom SMIL-midlane. Dei siste åra har nær to millionar kroner gått til dette formålet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Med gjerdeklyvarar og hundeportar blir fleire turområde meir tilgjengelege. Samstundes blir aktiviteten styrt slik at gjerda ikkje blir trakka ned. Vegen til utmarka går gjerne gjennom beiteområde, og for folkehelsa er det viktig å legge til rette slik at flest mogleg kan ta desse flotte turområda i bruk. Rogaland har om lag ein tredjedel av alt innmarksbeite i Noreg, og det er særs viktig å få til gode ordningar som legg til rette for at areala kan nyttast både til beite og samstundes vere attraktive turområde.
Gjerdeklyvarar med slagord
Vi har no friska opp gjerdeklyvarane ved å frese inn slagorda: «BONDEBRU», «STIG PÅ», «LEVE SAUEN» samt «KYSS OG GÅ» på øvste trinn. Fleire vil kome til etter kvart. Desse slagorda er meint for at turgåarar skal tenke litt over alle dei godane som landbruket gir, og skjøne at landskapet dei ser er dyre- og menneskeskapt.
Frå SMIL-ordninga kan bonden søke om tilskot til gjerdeklyvarar og opparbeiding av turstiar. Bonden kan få regionalt miljøtilskot for å vedlikehalde turstiar på jordbruksareal. Gjerdeklyvarane er ein del av planlegginga og tilrettelegginga på tvers av landbrukseigedomar. I 2017 hadde vi i Rogaland totalt 722 kilometer med turvegar i innmarka, og det vart løyvd nesten 4 million kroner til vedlikehald av desse ferdselsårene
Blir produsert i Sandnes og i Vindafjord
Gjerdeklyvarane og hundeportane blir produsert hjå Sandnes Pro-Service AS og Gnisten Vindafjord Arbeids- og aktivitetssenter. Dette er tilrettelagde arbeidsplassar der dei tilsette gjer ein flott jobb. Mange av dei tilsette går seinare ut i det ordinære arbeidslivet. Fylkesmannen ser på ordninga som ein vinn, vinn situasjon for alle partar, og vi er svært fornøgd med samarbeidet med leverandørane.
Kontaktpersonar
-
Nono Dimby
Tlf: 51 56 89 78