Mange søknader om tilskot til drenering
Ny tildeling på 3,5 millionar kroner: Rogaland har totalt fått 9 500 000 kroner til drenering i år!
Satsen auka til 4000 kroner per dekar i fjor og den er uendra i år. Samstundes har Rogaland fått vesentleg mindre midlar i år enn tidlegare år. Ramma til drenering var i år på 4,5 millionar kroner, som er langt under behovet. Allereie i januar hadde kommunane i Rogaland meldt inn til Statsforvaltaren at dei trengte meir midlar.
Etter innmelding til Landbruksdirektoratet fekk Rogaland ei ekstraordinær tildeling denne våren på 1,5 millionar kroner. For resten av året har Rogaland berre 1,8 millionar kroner igjen.
I juni kom det igjen ei melding frå direktoratet med ei ekstra tildeling av dreneringsmidlar, og da fekk Rogaland 3 500 000 kroner ekstra.
Det betyr at Rogaland totalt har fått 9 500 000 kroner til drenering, og det er fortsatt mogleg for bønder å søkje på dreneringsmidlar.
Godt jobba til alle dykk som har søkt om midlar til drenering og som planlegg å drenere i år!
Kontaktpersonar
-
Hedda Haugland
Tlf: 51 56 88 13 -
Nono Dimby
Tlf: 51 56 89 78