Kven er Rogaland sin kandidat til Nasjonal kulturlandskapspris 2021?

Har du gode forslag kan du senda dei til Statsforvaltaren før 23. april. Landbruks- og matdepartementet, Landbruksdirektoratet og Stiftelsen Norsk Kulturarv samarbeider årleg om tildeling av Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.04.2021

Målet med ein årleg nasjonal kulturlandskapspris er å

  • bevisstgjera allmennheita om utfordringar knytt til kulturlandskapsverdiar.
  • auke kunnskapsnivået om kulturlandskapet.
  • bevisstgjera om miljøverdiane i kulturlandskapet.
  • stimulere til å ta vare på og utvikle kulturlandskapet gjennom gode eksempel.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad er leiar for juryen som skal velja ut årets vinnar.

Landbruksavdelinga ved Statsforvaltaren i Rogaland inviterer med dette aktørar med tilknyting landbruket til å senda inn forslag om kandidatar til årets kulturlandskapspris på e-post til Nono Dimby før 23. april. 

Bønder på Kvitsøy fekk denne gjeve prisen i 2017. No håper vi på bidrag slik at vi finn verdige kantidatar frå Rogaland i 2021.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.