Eit kommunalt blikk på gjerdeklyvarane
![](/siteassets/fm-rogaland/bilder-fmro/landbruk/miljotiltak/gjerdeklyver---nono---red.jpg)
"Gjerdekyvarane er ei fantastisk ordning" Vi har henta inn nokre av kommunane sitt syn på gjerdeklyvarane i landbruket sitt kulturlandskap.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Eigersund og Sokndal
Landbrukskontoret i Eigersund og Sokndal har gode erfaringar med gjerdeklyvarordninga. Den er godt kjend av gardbrukarane, og det er jamn etterspurnad etter nye gjerdeklyvarar. Eit konfliktdempande tiltak der turgåarar blir invitert til å ferdast samtidig som bonden får styrt trafikken dit han vil. Det blir oppfatta som umåteleg positivt at klyvarane til alt overmål er gratis for bonden.
![]() |
![]() |
Dei kjende turistattraksjonane Rosslandsguden og Skammelen frå Rossland i Sokndal kommune. |
Tysvær kommune og Gjesdal kommune
Båe kommunane rapporterar om at ordninga er populær bland grunneigarane, og fungerar utmerket.
![]() |
![]() |
Bjerkreim
Bjerkreim kommune har gjort eit omfattande arbeid med å etablere og merke turstiar. Her har kommunen henta ut 34 nye gjerdeklyvarar som skal setjast ut i terrenget.
Linkar til turstiar i Rogaland
Kontaktpersonar
-
Nono Dimby
Tlf: 51 56 89 78