Søk regionale midlar til utviklingstiltak i landbruket
Rogaland fylkeskommune forvaltar to ordningar innan landbruk. Neste søknadsfrist er 18. oktober 2024.
Regionale tilretteleggingstiltak (RT-midlane)
Midlane til Regionale tilretteleggingstiltak i landbruket har som formål å støtte prosjekt som legg til rette for regional næringsutvikling, med mål om å utvikle og styrke verdiskaping i landbruket. Midlane skal gå til prosjekt som bidrar til omstilling og klimasmart utvikling av landbruket, herunder utvikling av garden sitt ressursgrunnlag, lokal mat, drikke og reiseliv innafor dei prioriterte satsingsområda for ordninga i Rogaland.
Søknadsfristen er 18. oktober 2024. Søknaden fyllast ut og sendast inn via søknadsportalen til Regionalforvaltning
Rekruttering og kompetanseheving i landbruket (RK-midlane)
Midlane til Rekruttering og kompetanseheving i landbruket skal støtte prosjekt som bidrar til rekruttering, kompetansebygging og omdømme knytt til landbruket i Rogaland.
Gjennom denne tilskotsordninga kan kommunar, lag, organisasjonar og andre søke støtte til prosjekt som bidrar til auka verdiskaping og berekraftig utvikling i landbruket i Rogaland.
Søknader blir behandla løypande og må vere sendt inn innan 15. november 2024. Søknaden fyllast ut og sendast inn via søknadsportalen til Regionalforvaltning.