Noregs beste mat- og drikkeprodukt blir kåra i Stavanger
Fredag 6. januar er det niande gang at mathovudstaden er vertskap for kåringa av dei beste mat- og drikkeprodukta i Noreg.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Målet med kåringa «Det Norske Måltid» (DNM) er å vise fram breidda i matproduksjonen og dei unike råvarene som blir produsert i Noreg. Finalen føregår på Clarion Hotel Energy. Stjernekokken Even Ramsvik har fått i oppdrag å sette saman ein fantastisk meny basert på dei 37 finalistprodukta.
DNM gir produkta og produsentane ei fantastisk marknadsføring og fungerer som eit springbrett inn i matverda. I tillegg bidrar Det Norske Måltid til å setje Rogaland på matkartet og det er heile seks produkt frå Rogaland med i finalen.
Det har vore gjennomført delfinalar i Bergen, Oslo, Trondheim og Tromsø før finalejuryen var samla til utvelging den 8. november i Oslo.
– Det var ei tøff oppgåve å velje vinnarar blant så mange gode produkt, og det var ekstra kjekt at smakar frå heile landet var representert, seier den kjende kokken Kari Innerå (tidlegare landslaget, nå BA53).
Finalejuryen består av juryleiar Einar Risvik (Nofima), Tom Victor Gausdal (Strand), Wenche Andersen (TV2), Kari Innerå (BA53), Frode Selvaag (Ryfylkekokken), Roar Hildonen (To Rom og Kjøkken), og Gunnar Nagell Dahl (Fylkesmannen i Hordaland).
Her er finalistane i Det Norske Måltid 2016, sesong 9:
Årets sjømat oppdrett:
- Økologisk laks, Flakstadvåg laks AS, Troms
- SALMABRG, Salmon Brands AS, Oslo
- Fersk Ishavsrøye, Sigerfjord Fisk AS, Nordland
Årets sjømat villfanget:
- Norway Seafoods Torskeloin, Norway Seafoods AS, Nordland
- Mørnet Biff av Hval, Myklebust Hvalprodukter AS, Møre og Romsdal
- Villkveite filet, Domstein Sjømat AS, Rogaland
Årets sjømat foredlet:
- Halvors Boknafisk loin, Halvors Tradisjonsfisk AS, Troms
- Røkt Ishavsrøye, Sigerfjord Fisk AS, Nordland
- Porsmarinert Einerrøykt Svanøylaks, Svanøy Røykeri AS, Sogn og Fjordane
Årets det grønne – naturelle:
- Rosettkål, Vang Gård, Oppland
- Økologiske poteter fra Sandholt & Eftedal, Svanepotet AS, Vestfold
- Skjærgaardsløk, Skjærgaarden gartneri, Vestfold
Årets det grønne – foredlet:
- Grønvik Eplemost, Grønvik Gard, Rogaland
- Grønvik Eplemost – Summerred, Grønvik Gard, Rogaland
- Lippertdrikke Eple & Bringebærjuice, Frode Lippert, Østfold
Årets kjøtt:
- Lammecarré av Klosterlam, Klostergarden, Rogaland
- Limousin Mørbrad, Oppdal Smak og Behag / Megarden Limousin, Sør -Trøndelag
- Gilde Årets ferske sommerlam – Grillribbe naturell, Gilde, Nortura SA, Oslo
Årets kjøtt foredlet:
- Hockey, Ask Gård Foredling, Buskerud
- Gravet og lettrøkt flatbiff av reinsdyr, Brurskanken Rein, Nordland
- Villsauskank Frøya, Dalpro Gårdsmat, Sør-Trøndelag
Årets godbit:
- Havsnø Flaksalt, North Sea Salt Works AS, Møre og Romsdal
- Superknask knekkebrød – med havsalt, Energimat AS, Rogaland
- Bringebærsorbet, Reins Kloster AS, Sør -Trøndelag
- RørosIs Blåbærsorbet, Galåvolden Gård, Sør -Trøndelag
Årets meieriprodukt foredlet:
- Økologisk Cottage Cheese, Rørosmeieriet, Sør -Trøndelag
- RørosIs Tjukkmjølksis med solbær, Galåvolden Gård, Sør -Trøndelag
- Nýr, Grøndalen Gård, Akershus
Årets tradisjonsøl:
- Nøgne Ø Norsk Høst, Nøgne Ø Det Kompromissløse Bryggeri A/S, Aust-Agder
- Okkelberg, Stjørdals Bryggeriet, Nord-Trøndelag
- Vestlandskyss – Bringebær Saison, Lysefjorden Mikrobryggeri, Hordaland
Årets sider:
- Kvitanesen – Poesider 2016, Ulvik Frukt & Cideri, Hordaland
- Balholm Handverkcider med humle, Balholm AS, Sogn og Fjordane
- Balholm Handverkcider økologisk, Balholm AS, Sogn og Fjordane
Årets ost:
- Råblå, Grindal Ysteri AS, Sør -Trøndelag
- Myrull, Grindal Ysteri AS, Sør -Trøndelag
- Lille Aske, Bo Jensen, Rogaland