Fruktsafari har gitt gode resultat i Rogaland
Ein fruktsafari til Ombo i mars 2014 gav ny inspirasjon til 25 nye og eksisterande fruktdyrkarar i Ryfylke.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Ekteparet Roald Vold og Marianne Kåsen på Jørstad har revolusjonert fruktdyrkinga ved å plante etter «tett-plantingsprinsippet». Her blir gjødsel nøye tilmålt og tilført gjennom eit dryppvatningssystem. Kontrollsystema følgjer dei same prinsippa som er vanlege i tomatdyrkinga i veksthus.
Ny metode, større avlingar
Ved å dyrke etter denne metoden kan fruktprodusentane auke avlingane sine tre-fire gonger i høve til tradisjonell fruktdyrking. Mange fruktbønder i Rogaland har hatt dårlegare avlingar i år enn tidlegare, men Roald Vold og Marianne Kåsen på Ombo i Ryfylke trur på normalavling og gjerne litt meir.
Foto: Kari Sand
Inspirasjon til å halde fram
Interessa for den nye dyrkingsteknikken var god, og ny fruktsafari blei arrangert i august 2014. Då med dobbelt så mange deltakarar. Samstundes laga Fylkesmannen i Rogaland eit kriteriedokument om investeringsstøtte til etablering og vidareutvikling av frukthagar. Dette ga ein ny giv til fruktdyrkarane i heile Rogaland, men kanskje spesielt i Ryfylke.
Ein av deltakarane hadde vore usikker på om han i det heile skulle overta fruktgarden heime, men etter desse samlingane vart han overtydd om at dette var framtida. Han var den første som sende inn søknad til Innovasjon Norge om etablering av frukthage etter dei nye retningslinene.
250 tonn meir frukt
Investeringslysta var stor, og fleire søknader kom til Innovasjon Norge. Investeringar på 15 millionar kroner har hittil gitt 4,55 millionar kroner i tilskot og nesten 110 dekar med nye frukttre. Av desse er 24,4 dekar heilt nye fruktfelt. Alle desse felta er planta etter tett-plantingsprinsippet, og kjem til å gi over 250 tonn meir frukt samanlikna med tradisjonell fruktdyrking.
Safari og studieturar
I Rogaland var det tomt for IBU-midlar hos Innovasjon Norge i juni. Då var det fleire fruktdyrkarar som var i gang med nye søknader. Desse må vente til neste år. Fruktdyrkarane fortel at denne satsinga har gitt dei tru på framtida og at dei diskuterer med neste generasjon om kva investeringar dei skal gjere. Fleire samlingar, fruktsafariar og studieturar til Sør-Tyrol gir inspirasjon og tru på at fruktdyrking er lønsamt og framtida.
Ny dyrkingsmetode, optimisme, brei mobilisering, inspirasjon, kriteriedokument og god utteljing hos Innovasjon Norge har gitt svært gode resultat for fruktdyrkinga i Rogaland.