Sandra Borch godt motteken på Solberg i Bjerkreim
Tysdag 8. mars desember var Landbruks- og Matminister Sandra Borch på reise i Rogaland. Besøket i Bjerkreim var særleg tidsaktuelt sett i høve til utfordringar i næringa. Eksempelvis behovet for investeringsmidlar til nye lausdriftsfjøs.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
På Solberg i Bjerkreim blei reisefølgjet godt mottekne av Inger Katrin og Sven Bjarne Solberg med familie, i eit strålande ver. Her blir det drive med ku og sau, basert på eige grovfôr og aktivt bruk av kulturbeite. Eit spørsmålet som blei drøfta er om det mogleg å investere i nytt lausdriftsfjøs på bruk som dette.
Kva med nytt fjøs på Solberg?
Det er ikkje tvil om at her er god dyrevelferd i dagens driftsopplegg og fjøs, men familien nærmar seg ei tid då dei må ta eit standpunkt om bygging av nytt fjøs. Det kom klart fram, at sjølv med god utteljing frå Innovasjon Norge, vil ei nyinvestering vanskeleg kunne bere seg økonomisk. Særleg når det blir teke omsyn til auken i kostnad som har vore den siste tida. Det var likevel kjekt å sjå den optimismen som var på garden, med eit ønskje om å halde fram som bønder.
Klar prioritering av nye mjølkefjøs
Anfinn Rosnes informerte om at mjølkebruk som dette, med optimal bruk av eigne ressursar, treff svært godt i høve til dei prioriteringar som er avtalt i landbrukspartnarskapet. Det blei annonsert at her ligg det til rette for god utteljing om det blir søkt om investeringsstøtte. Ministeren blei også minna om at Rogaland får i særstilling minst investeringsmidlar sett i høve til faktisk omfang og investeringsbehov i husdyrhaldet. Vi kan elles vise til at Sandra Broch nyleg har gitt svar til Stortinget knyta til investering i nye mjølkefjøs (vedlegg).
Regional prioritering av investeringsmidlar
Dei endeleg regionale prioriteringane for investeringsmidlane i Rogaland kjem fram av nettsida til Innovasjon Norge (sjå på Rogaland). Logisk nok kjem mjølkefjøs inntil 30 kyr først. Det er lagt opp til to behandlingsrundar der omlegging til lausdrift for storfe/kjøttfe og omlegging til SPF gris kjem i runde 2 med søknadsfrist 1. juni.
Viktigare enn nokon gang å halde oppe matproduksjonen basert på eigne ressursar
Om du er i tvil så søk heller om støtte, du må ikkje bygga. Tida vi er inne i tilseier meir fokus på matproduksjon, truleg vil det også få utslag på bonden sin økonomi. Det kom også klart fram av det Sandra Broch sa på Solberg.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13