Ny versjon av gardskart på Internett

Norsk institutt for skog og landskap lanserte ein ny versjon av gardskart på Internett 20. juni. Den nye modulen skal vere meir brukarvenleg, og har fleire nye funksjonar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.06.2012

Gardskart på Internett viser kart over arealressursar og reknar ut arealtal for ein valt landbruks- eller grunneigedom.

Kva er nytt?
Den nye versjonen av Gardskart på Internett skal lanserast i fleire modular. I første modul vil dette vere nytt:

  • Ny og brukarvenleg design
  • Fleire kartlag som det også er mogleg å leggje oppå areala utanfor landbrukseiendommen
  • Arealstatistikk på både eigedomsnivå og teignivå
  • Moglegheit for å måle areal og avstand
  • Moglegheit for å teikne flate, linje og punkt i kartet med tilhøyrande tekst
  • Betre utskriftsfunksjonalitet
  • Ny og meir moderne teknologi slik at tenesta blir raskere

I tillegg gir Arealstatistikken meir og lettare informasjon om «uavklarte eigarforhold».

Skog og landskap har laga ein demonstrasjonvideo av den nye gardskartløysinga.
Hugs også at bestilling av eige jordregister og innsending av nye arealtal til SLF for oppdatering i landbruksregisteret er flytta til gardskartsidene.

Sjå vedlegget nedanfor for meir informasjon om korleis den nye versjonen av gardskart på Internett fungerer.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.