Ny rettleiar til naturmangfaldlova
Miljøverndepartementet har laga ein rettleiar om korleis omsynet til økosystem, naturtypar, planter og dyr skal vegast mot andre viktige samfunnsinteresser.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 01.02.2012
Med naturmangfaldlova kapitell II fekk vi for første gong retningsliner i korleis naturmangfald skal vurderast og omtalast på tvers av lovverk. All natur skal forvaltast kunnskapsbasert. Rettleiaren gir ei innføring i bruk av bestemmingane for ulike forvaltningsmyndigheiter, mellom anna for sakshandsamarar i kommunane. Her finst og ei rekkje konkrete døme på saker og vurderingar.