Hugs fristen for etterregistrering av opplysningar i søknad om produksjons- og avløysartilskot!

Avløysarutgifter til husdyrhald kan etterregistrerast innan 10. januar. Foto: Statsforvaltaren

Vi minnar om at dersom du har søkt produksjonstilskot eller tilskot til avløysing i 2024, kan du etterregistrera nokre opplysningar i søknaden innan 10. januar.

Publisert 20.12.2024

Følgjande opplysningar kan du etterregistrera innan 10. januar:

  • Utgifter til avløysing som føretaket har hatt i perioden 15. oktober til 31. desember
  • Dyr sanka frå utmarksbeite etter 15. oktober
  • Livdyr av kylling og kalkun som er selde etter 15. oktober til 31. desember
  • Rugeegg levert til rugeri etter 15. oktober til 31. desember
  • Frukt, bær, veksthusgrønsaker og salat på friland som er selde etter 15. oktober til 31. desember

Korleis søkja

For å etterregistrera opplysningar, følgjer du same metode for innlogging og levering i Altinn som ved levering av søknad om produksjonstilskot- og avløysartilskot. 

Ver merksam på at du som søkjer har ansvar for å føra inn nødvendige opplysningar og kontrollera at dei er riktige, samt senda søknaden innan rett tid.

Hugs å sjekka at søknaden er sendt - sjekk at kvittering på levert oppdatert søknad ligg i Altinn før du avsluttar!

Søk innan 10. januar!

Fristen 10. januar er absolutt. Det er svært begrensa moglegheit til å få innvilga dispensasjon frå etterregistreringsfristen. Vi oppfordrar deg til å etterregistrera i god tid før 10. januar, slik at du har moglegheit til å be landbrukskontoret om hjelp dersom det oppstår problemer i søknadsprosessen. Legg ei påminning i kalendaren allereie no!

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.