Framleis bandtvang?
No er endeleg 20. august her, som for mange betyr; oppheving av bandtvangen. Men gjeld det over alt?
Opphevinga gjer det mogleg å sleppe hunden laus medan ein er ute på tur, men før du koplar ifrå - sjekk om kommunen har utvida bandtvang. I Noreg er det generell bandtvang i perioden 1. april til 20. august, noko som inneber at hunden skal haldast i band eller vere forsvarleg inngjerda eller innestengd. Årsaka er at hunden ikkje skal kunne jage eller skade husdyr, tamrein eller ville dyr og deira reir, bu eller hi.
Grunna husdyr som beitar i eigne område er det nokon kommunar som har utvida bandtvangen. I område der husdyr beitar heile året, er det difor bandtvang heile året. Dette gjeld nokon av våre kommunar i Rogaland.
Kommunane står sjølv fritt til å vedta forskrift om bandtvang. Derfor er det viktig å sjekke kva som gjeld for den kommunen du skal gå på tur i.
God tur!