Distriktspolitikken er ein viktig føresetnad i matpolitikken

Marte Gerhardsen leiar av Tankesmia Agenda er ikkje i tvil; det må bu folk der det skal produserast mat. Det er rett og slett smart.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.03.2018

Det var på landbrukspolitisk konferanse i Stavanger 19. mars at Gerhardsen tydeleg flagga behov for kopling mellom distrikts- og landbrukspolitikken. Distriktspolitikken blir stadig skyvd i bakgrunnen, og kopla av andre viktige sektorar og politikkområde. Gerhardsen minna forsamlinga om at landbruket er ein viktig del av den nasjonale ressurspolitikken.


Det er viktig å produsere mat i Norge

Gerhardsen viste til at 93 prosent av folket meiner at det er viktig å produsere mat i Norge, og at heile 70 prosent av befolkninga er villige til å betale meir for den norskproduserte maten. Kva forbrukarane faktisk gjer når dei er i butikken kan vere annleis enn haldninga, men utgangspunktet for norskprodusert mat er i alle fall godt. Det er mange grunner til å halde fram med å produsere mat i Norge som auka verdiskaping i heile landet, nærleik skaper tillit, matsikkerheit og beredskap.

Til slutt avslutta Gerharsen: – kva er truleg den viktigaste føresetnaden? Jo distriktspolitikken.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.