Webinar om jordvern – Om kart og kunnskapsgrunnlaget for jordvern i arealforvaltninga
Vil du lære meir om jord, jordvern og kartverktøy til bruk i arealforvaltninga? NIBIO inviterer i samarbeid med Statsforvaltarane i Agder og Rogaland, til webinar om temaet. Webinaret er todelt og blir heldt den 11. og 18. november.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kunnskap om landbruksområda og jordsmonn i arealplanlegginga er ein føresetnad for berekraftig utvikling og jordvern. God kjennskap til kart og databasar og korleis desse kan brukast, legg grunnlaget for gode avgjerder i kommunal arealforvaltning. NIBIO utarbeider ulike kart og databasar som er til god hjelp i kommunane sitt arbeid med jordvern i arealforvaltninga.
To dager webinar
Torsdag 11. november kl. 09:00-11:00
Dag 1 omhandlar landsdekkande kartgrunnlag, arealressurskart AR5 og dyrkbar jord. I tillegg blir det informasjon om nedbygging av jordbruksareal, samt demo av Arealbarometer og kart og funksjonalitet i Kilden.
Torsdag 18. november kl. 09:00-11:00
Dag 2 omhandlar jordsmonnkart for dei kommunar som har dette, og korleis dei kan nyttast til å verdsette og klassifisere jordbruksareal der jordressursen blir vege opp mot andre omsyn.
Meir informasjon, program og påmelding finn du her: