Samrøystes vedtatt – nå skal jordvernstrategien for Rogaland ut på høyring

Den 16.05.2017 vedtok fylkesutvalet i Rogaland fylkeskommune samrøystes arbeidet med ein regional jordvernstrategi skulle settast i gang. Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland har utarbeida eit forslag til strategidokument i samarbeid med ei breitt samansett ressursgruppe. Den 20.03.2018 vedtok eit samrøystes fylkesutval at forslag til regional jordvernstrategi for Rogaland skal leggjast ut på høyring.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.03.2018

Forslag til strategi

I fylkesutvalet sitt vedtak om utarbeiding av ein regional jordvernstrategi blei det gitt klare føringar for innhaldet i strategien:

«I tråd med nasjonale mål, skal Jordvernstrategien for Rogaland etablere klare mål for å begrensa nedbygging av landbruksjord i Rogaland på kort sikt, samt på lang sikt auke landbruksjord i Rogaland.
Strategien må vise til tiltak som gjør målene realistiske.»

I 2015 vedtok Stortinget eit skjerpa jordvernmål om at det nasjonalt ikkje skal omdisponerast meir enn 4000 dekar jordbruksjord årleg. Rogaland har lenge vore på Noregstoppen i nedbygging av jordbruksjord. I perioden 2004-2015 har den årlege nedbygginga vore på om lag 1400 dekar. Rogaland har 10 % av jordbruksarealet i Noreg. Rogaland har eit regionalt ansvar for oppfølging av det nasjonale jordvernmålet, derfor er forslag til jordvernmål i Rogaland sett til ei maksimal omdisponering av jordbruksjord på 400 dekar årleg. Målet skal nåast innan 2022. Det kan argumenterast for at dette er eit «snilt» mål sidan jordbruksjorda i Rogaland er blant Noregs beste med avlingstal langt over landssnittet.

Mest areal går til bygging til bustad, samferdsel, næring og landbruk. I utkast til strategi er det formulert i overkant av 60 tiltak for å redusera nedbygginga av jordbruksjord. Dei viktigaste jordverngrepa kan gjerast innan arealplanlegging. Derfor er dei fleste tiltaka retta mot regional og kommunal planlegging. Det er stort potensial for betre arealutnytting i byar og tettstader, og mål for eit miljøvennleg utbyggingsmønster er samanfallande med mål om eit styrka jordvern. Det er også viktig å ha fokus på nedbygging av jord i landbruket og fleire tiltak er derfor også retta mot næringa. Men kanskje viktigast er kunnskap om jordbruksjorda si verdi for samfunnet generelt. Det må derfor i større grad vere eit mål å auke kunnskapen om jordvern og verdien av arealressursane blant politikarar, forvaltninga og samfunnet generelt.

Høyring

Forslag til regional jordvernstrategi for Rogaland vil om ikkje lenge bli send på høyring og det blir oppmoda til å komme med innspel til strategidokumentet. Høyring er viktig av særleg to grunnar:

1) Gjennom høyring vil det kome innspel som kan gjere strategidokumentet betre

2) Høyring gir moglegheit for medverknad og bygg opp om ein demokratisk prosess

Høyringsdokumenta, fristar, kor du kan levere innspel etc. vil bli tilgjengeleg på fylkeskommunens heimesider http://www.rogfk.no/

Saksframstilling, forslag til regional jordvernstrategi for Rogaland og fylkesutvalets vedtak finner du om du trykker på denne linken.  

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar