140 deltok på samlingar om jordvern og arealforvaltning
Engasjerte kommunepolitikarar lærte meir om jordvern og areal- og eigedomsforvaltning i landbruket gjennom fire regionale samlingar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Som oppfølging av Nasjonal jordvernstrategi fekk fylkesmennene i oppdrag å gjennomføre opplæringstiltak for kommunepolitikarar om landbruk og jordvern i løpet av 2016. Fylkesmannen i Rogaland tok oppdraget på alvor og arrangerte fire regionale samlingar i oktober og november. Siste samling blei arrangert i Aksdal i førre veke, der 50 personar deltok. Til saman 140 personar deltok på alle dei fire samlingane, og dei fleste var kommunepolitikarar.
Engasjerte forsamlingar
Å sikre ressursgrunnlaget for framtida er avgjerande for landbruket, og samlingane ga ei innføring i areal- og eigedomslovverket som kommunen er sett til å forvalte. Som bakteppe blei det og sett av tid til å vise kor viktig landbruket er for verdiskapinga i dei ulike regionane. Eit viktig mål var dialog og erfaringsutveksling om forvaltning av landbruksareala i kommunane, mellom anna gjennom lokale eksemplar. Engasjementet var høgt på alle samlingane, og sjølv om representantane frå Fylkesmannen og kommunepolitikarene ikkje var samde om alt, var dialogen god.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13