Kommunane har ansvar for å ta vare på matjorda
Kommunal- og distriktsminister Erling Sande og landbruks- og matminister Geir Pollestad har sendt brev til alle kommunestyrepolitikarar i Noreg for å gjere merksam på det ansvaret kommunane har for at Noreg skal nå målet om å byggje ned mindre matjord.
Nytt jordvernbrev
I brevet dagsett 22.01.2024 blir det vist til nasjonal jordvernstrategi som blei vedteke av Stortinget den 16. juni 2023. Strategien inneheld eit innskjerpa nasjonalt jordvernmål og fleire konkrete tiltak. Ministrane oppmodar i brevet kommunane om å:
- ha oppdaterte planar som tar arealutfordringane på alvor.
- vurdere nøye om det er viktige samfunnsomsyn som ligg til grunn når ein går inn for å omdisponere matjord til utbygging, og om det er vurdert alternativ.
- vurdere å spare dyrka mark ved å tilbakeføre område frå utbyggingsføremål til landbruks-, natur-, frilufts- og reindriftsområde når kommuneplanane skal reviderast.
- sjå på matjorda som ein ikkje-fornybar ressurs som skal takast vare på for all framtid.
- handheva driveplikta, av di aktiv drift av jordbruksareal kan gjera at det skal meir til før areala blir føreslått omdisponert til anna føremål.
Det blir peika på at jordvernet er viktigare enn nokon gong, både på grunn av flaum, jordskred og med jamne mellomrom tørke nasjonalt, og klimaendringar, krig og konflikt internasjonalt. God beredskap og tryggleik for matforsyninga er heilt avgjerande presisera ministrane, og då må areala som er eigna til å produsere mat takast vare på.
Brevet kan lesast i sin heilskap her og regjeringa sitt eige nyheitsoppslag finn du her.
Statsforvaltaren si rolle
Statsforvaltaren har ei rolle i å sjå til at kommunane følgjer nasjonal politikk om jordvern. Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023-2027 og dette brevet vil vere eitt av fleire verktøy vi nyttar i dette arbeidet.
Vi skal også i desse dagar sende ut ei spørjeundersøking til alle kommunane i fylket om deira praksis og oppfølging av driveplikta etter jordlova. Gjennom vårt oppdrag i verksemds- og økonomiinstruksen skal vi anna kvert år gjennomføre ei temabasert kartlegging og utgreiing innanfor eigedomslovgivinga (jordlov- og konsesjonslov) i fylket, og denne gong har vi valt driveplikt som tema.