Mykje skade av stankelbeinlarver i år
Overvintra larvar av myrstankelbein er den einaste stankelbeinarten som opptrer som skadegjerar i landbruket. I delar av Rogaland er det registrert mykje skade av myrstankelbein på eng og beiteareal i år.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Dei gråbrune og beinlause larvane av myrstankelbein trivs særs godt i moldrik jord. Ein fuktig haust, mild vinter og med passe råme ut over våren aukar faren for angrep ut over vår og forsommar. Larvane mangedoblar vekta si fram til dei forpupper seg i slutten av juni. Dei glupske og nattaktive larvane gneg over rothalsen på korn, gras, grønsaker og jordbær. Etter om lag 2 veker i pupper kryp vaksne myrstankelbein ut og er klare for sverming utpå seinsommaren. Ei hoe kan legge 3-400 egg øvst i jordlaget i juli- august.
Larvane lever skjult i jorda medan dei vaksne individa har eit kort liv. Dette gjer bekjempinga av stankelbein vanskeleg. I eng og beite er det er inga godkjende plantevernmiddel mot stankelbein-larvar. Eit einskild plantevernmiddel er godkjend mot stankelbeinlarver i gulrot, pastinakk og persillerot.
Angrep av stankelbein er ikkje innanfor erstatningsordningane i landbruket.
Kontaktpersonar
-
Nono Dimby
Tlf: 51 56 89 78