Ku er godt for klima!

- er overskrifta når Sandnes kommune, Fylkesmannen, Sandnes bondelag og Oikos Rogaland inviterer til open konferanse onsdag 26. august kl 19:00 på Bøndenes hus i Sandnes.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.08.2015

På programmet er innlegg frå Dr. Anita Idel, tysk veterinær, forskar og forfattar av boka: "Die Kuh ist keine Klimakiller". Idel har endra tysk debatt om ku og klima. Foredraget vil vere på engelsk. Svenn Arne Lie, statsvitar og forfattar av boka "en nasjon av kjøtthuer", vil snakke om utviklinga i jordbruket; "Gras og kraftfôr - hva skjer i Norge?"

Det blir også tid til politiske innslag og paneldebatt med medlemar av bystyret i  Sandnes. Per Olav Lundteigen, stortingsrepresentant for Senterpartiet, tek turen bort og skal snakke om; "2015 er FN- år for vern av matjorden - ble det gjenspeilt i Stortingets behandling av årets jordbruksoppgjør?"

Møteleiar er landbruksdirektør Hadle Nevøy. Program for kvelden finn du i høgre marg.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.