Beitelaga rapporterer at fleire lam dauda av alveld i fjor
I statistikken for organisert beitebruk 2011 utgjer tapa 4,99% for lam og 2,06 % for sau. Det har vore ein auke i tapa på lam, og ut frå rapportane til beitelaga er forklaringa at fleire lam har dauda av sjukdomen alveld. Rogaland er likevel det fylket som har lågast tapsprosent. På landsbasis er tapa 8,27 % for lam og 3,26 % for sau.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Alveld er ein sjukdom hos sau som gir leverskade, oppbolna ansikt og unormal reaksjon for lys. Den opptrer spesielt hos lam og er sjeldan hos vaksne dyr. Det har vore vanleg oppfatning at sjukdomen heng saman med inntak av ei plante som heiter rome, men sopp eller alger kan også vera årsaka, kanskje i kombinasjon med rome.
Organisert beitebruk
Føremålet med organisert beitebruk gjennom beitelag er å leggja til rette for best mogleg utnytting av beite i utmarka og redusera tap av dyr gjennom organisert tilsyn, organisert sanking og andre målretta fellestiltak i beiteområda. Det blir årleg gitt driftstøtte til beitelag. Støtta blir gitt pr. heimsanka dyr, og i Rogaland er førebels sats 2012 for småfe kr 11 pr. heimsanka dyr.
Vidare blir det gitt investeringstøtte til ulike samarbeidstiltak som sperregjerde, bruer, sanke-/skiljeanlegg, gjetarhytter m.m. På landsbasis er utmarksbeitinga godt organisert i beitelag der om lag 80% av sau og lam på utmark er med i organisert beitebruk.Rogaland har i overkant av 100.000 sau og lam med i organisert beitebruk, men dette utgjer ikkje meir enn om lag 35% av dyra på utmarksbeite. Hovudforklaringa på den låge prosenten i Rogaland er at mange sauebønder i Rogaland har store beiteareal heime på garden og er dermed ikkje med i beitelag.
Femti lag er registrerte i Rogaland. To nye beitelag blei godkjende av Fylkesmannen i fjor, og det er potensiale for fleire beitelag i vårt fylke. Det kan leggjast til at Rogaland som det største sauefylket, har over 470.000 sau og lam på beite (innmark og utmark).
Sauen er det husdyrslaget som utnyttar utmarksbeite best. Beitedyra i utmarka er den viktigaste reiskapen for å førebyggja attgroing og pleie av kulturlandskapet.