Unngå ringormsmitte i beitesesongen
![Ungdyr på beite i Sandnes. Foto: Iris -Adele Jess / Statsforvaltaren i Rogaland. Ungdyr på beite i Sandnes.](/siteassets/fm-rogaland/bilder-fmro/landbruk/husdyrbruk/ku/kyr-pa-beite-i-sandnes.-iris-adele-jess.jpg)
Prosjektet RingiRog - Ringorm i Rogaland - er ute med eit informasjonsskriv om den smittsame sjukdommen ringorm og kva du som bonde må vere merksam på i beitesesongen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 22.03.2021
Den styrste risikoen for ringormsmitte mellom besetningar er direkte og indirekte kontakt mellom storfe. I beitesesongen er det større sjanse for at dyr frå forskjellige
besetningar kjem i kontakt med kvarandre, og at nye dyr introduserast i besetningen, som til dømes ved innkjøp av nye avlsdyr og ved bruk av fellesbeite.
Informasjonsskrivet skildrar utfordringar med smittevern og gir råd som kan nyttast av alle.