Tiltak mot blåtunge
Sidan den alvorlege sjukdomen blåtunge blei påvist i Rogaland og Agder, har Mattilsynet kome med tiltak mot blåtunge. Føremålet er å begrensa spredning av sjukdomen.
Mattilsynet og Veterinærinstituttet arrangerte eit digitalt informasjonsmøte om blåtunge den 26. september. Her gjorde dei rede for sjukdomen, kva tiltak ein kan gjere sjølv og kva tiltak myndigheitane har innført.
Tiltakssone for blåtunge
Det er innført tiltak med blåtunge som omfattar kommunar der smitten er påvist. Tiltaka som er innført mot blåtunge, gjeld kun for drøvtyggarar sidan sjukdomen ikkje smittar andre dyr. Mattilsynet presiserte at kartet vil bli oppdatert viss sjukdomen sprer seg til andre stader som ikkje er omfatta av dagens tiltakssone.
Bilete under: Tiltakssone for blåtunge, berørte kommunar er merka med raudt.
Kommunar i tiltakssonen for blåtunge: Egersund, Lund, Sokndal, Flekkefjord, Kvinesdal, Farsund, Lyngdal, Hægebostad, Lindesnes, Kristiansand, Vennesla, Lillesand, Iveland, Birkenes, Grimstad, Arendal og Froland.
Kilde: Mattilsynet.no
Krav ved flytting av alle hanndyr til avl- ut av sonen
På Mattilsynet sin nettstad kan du lese om kva krav som er sett ved flytting av hanndyr for bruk av avl i og ut av tiltakssona. Tiltak for flytting av hanndyr for bruk i avl gjeld kun i tidsrommet 1. desember til 15. mars. I tida før hanndyra skal flyttast ut av tiltakssona for bruk i avl, skal dei holdast inne i minst 15 dagar før flytting, samt testa negativt på PCR-test tatt tidlegast på den femtande dagen. Det er produsentane som må bestilla veterinær og betala for prøven.
Det er og sett krav ved flytting av værar, oksar, bukkar og hanndyr av kamelidar, ut av tiltakssona og innanfor tiltakssona. Ver merksam på at det er krav ved flytting av drektige storfe som har kalvingsdato etter 1. januar 2025 ut av tiltakssona, og flytting av avlsmateriale ut av tiltakssona.
Årsaka til restriksjonane er at blåtunge kan smitta gjennom sæd, og at blåtunge med sannsyn smitter frå mordyr til avkom i fosterperioda. Avkom kan produsera virus som sviknotten kan plukka opp til våren, og på den måten kan flytting av drektige livdyr potensielt sett spreie sviknott til andre områder.
Meir informasjon
Vi viser til Mattilsynet sine nettstader om informasjon om sjykdomen og kva du tiltak du kan gjere sjøl for å førebu smitte i eigen besetning. Lenke til Mattilsynet sin informasjonsside.
Vi viser til vår tidlegare artikkel om blåtunge og informasjon om varslingsplikt ved mistanke om smitte hos dyra.