Sau og land, hand i hand
![Foto: Birgit S. Hagalid.](/siteassets/fm-rogaland/bilder-fmro/landbruk/husdyrbruk/sau/sau-pa-beitet-1-3.jpg)
Sau og lam på beitet - eit sikkert vårteikn. I saue-fylket Rogaland er det omkring 200 000 vinterfôra sauer som no er i gong med å lamme.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Lamminga er i full gong i fjøsa rundt om i fylket, og bøndene med hjelparar oppheld seg mykje av tida i fjøset for å få lamminga trygt i hamn. I år er det 2419 gardsbruk som mottek tilskot til vinterôra sau i Rogaland (figur 1).
![Figur 1: Tal vinterfôra sauer (blå, venstre akse) og tal gardsbruk som mottek tilskot til vinterfôra sau (oransj, høgre akse) i perioden 1998 til 2021. Tala for 2021 er per 1. mars. Kjelde: SSB. Figur 1: Tal vinterfôra sauer (blå, venstre akse) og tal gardsbruk som mottek tilskot til vinterfôra sau (oransj, høgre akse) i perioden 1998 til 2021. Tala for 2021 er per 1. mars. Kjelde: SSB.](/siteassets/fm-rogaland/bilder-fmro/landbruk/husdyrbruk/sau/statistikk-vinterfora-sau.png)
Tal gardsbruk har gått jamnt nedover frå omkring 3100 i 1998 til 2419 per 1. mars 2021. Samstundes har tal vinterfôra sauer i Rogaland vore stabilt over tid på omkring 200 000. Med andre ord har det blitt færre og større sauebruk i fylket.
Etter kvart skal både sau og lam ut på beitet til glede for dei sjølv og oss som kan nyte godt av kulturlandskapet som dei pleiar.
![Foto: Birgit S. Hagalid.](/siteassets/fm-rogaland/bilder-fmro/landbruk/husdyrbruk/sau/sau-pa-beitet-4-5.jpg)