Sal av mjølkekvotar, korleis gjekk det i Rogaland?

Det er godkjend 66 kvotesal i Rogaland av totalt kring 5,3 millionar liter mjølk. Det er 75 prosent av det som kunne seljast i oppkjøpsordninga.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.07.2020

Bakgrunn

Partane i jordbruket bestemte i oktober 2019 å gjennomføre ei oppkjøpsordning for å kjøpe ut 40 millionar liter kumjølkkvote med verknad frå og med kvoteåret 2021. Bakgrunnen for tiltaket er som kjent avviklinga av eksportsubsidiane innan 2021. «Først til mølla»-prinsippet låg til grunn då ordninga blei opna 2.januar i år. Interesserte seljarar kunne melde seg på fram til utgangen av 31.mars 2020.

Status i Rogaland

Strategien var at oppkjøpet skulle bli relativt likt i alle mjølkekvoteregionane. For Rogaland betydde det å ta ut om lag 7,1 millionar kumjølkkvote. Fram til mars/april såg det ut som målet var nådd. Per 31.mars var det i Rogaland 79 søknadar som samla utgjorde vel 7 millionar liter mjølk. Den 2.april blei også forholdstalet heva til 1,01. Status no viser at det er godkjent 66 kvotesal frå Rogaland, som samla utgjer vel 5,3 millionar liter. 75 prosent av det som var målsettinga for Rogaland er no kjøpt ut. Noko har altså skjedd i «koronatida». For landet samla er godkjent kvoteoppkjøp per i dag snaut 38 millionar liter. Meir info finn du på heimesida til Landbruksdirektoratet. Endelege tal kjem etterkvart. Samstundes med denne nedskaleringa, blei forholdstalet på nytt heva 8.juni til 1,05 for kvoteåret 2020

Norske mjølkeprodukt er etterspurde om dagen!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.