Rogalandsbonden kan produsera historisk mykje kumjølk i 2025

Mjølkeku.
Mjølkeku. Foto: Eli Munkeby Serigstad.

Landbruks- og matdepartementet har fastsett forholdstalet for disponibel kvote for kumjølk til 1,20 for 2025. Det er ei gledeleg nyheit for rogalandsbonden som får moglegheit til å auke inntekta i mjølkeproduksjonen.

Publisert 04.12.2024

Høg etterspurnad av mjølk i marknaden, gjer at prognosen for marknadsbehovet for kumjølk er venta å vera 1 510 millionar liter mjølk. Marknadsregulator, Tine SA, anbefalte å setje forholdstalet til 1,17. Etter drøftingar med Noregs Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Q-meierienes produsentlag, Tine SA og Landbruksdirektoratet, sette Landbruks- og matdepartementet (LMD) forholdstalet til 1,20. Forholdstalet er historisk høgt, og gjer at mjølkebonden kan produsera 20 prosent meir enn disponibel kvote.

Etter «frislepp» på mjølkekvotane i mai, og mjølkeprodusentane kunne auke mjølkevolumet utan å få avgift på overproduksjon, har mange retta seg inn mot høgare leveranse. Å auke mjølkevolumet kan ein gjera med endra fôring eller ha fleire kyr i produksjon. Dei same faktorane vil og vera avgjerande for kor mykje mjølk ein har kapasitet til å auke med.

Grunnkvota i Rogaland

Grunnkvoten for kumjølk i Rogaland i 2025 er 283 740 905 liter. Tek ein omsyn til forholdstalet på 1,20, vil disponibel kvote bli 340 489 086 liter kumjølk.  Det vil seie at det kan produserast 56 748 181 liter meir mjølk i Rogaland i 2025. Viss ein tek utgangspunkt i ein årsavdrått i snitt på 8000 liter mølk per ku, treng vi over 7000 fleire kyr for å innfri auken i kvota - berre i Rogaland. Produksjonstaket per føretak er uendra, den ligg på 728 000 liter kumjølk.

Sal av mjølkekvote i Rogaland

Tabellen under viser tal for sal av kvote for åra 2022–2024, med verknad frå 1. januar det påfølgande året:

image1rjp4.png

Kvotar som er solgt er gjerne passive kvotar som blir leigde bort, og som blir produsert på anna bruk. I jordbruksoppgjeret i 2023 og 2024, vart det bestemt at produsentane kunne selja heile mjølkekvota til marknadspris til private kjøparar. Tidlegare måtte ein selja 40 prosent av kvota til staten til 4 kroner per liter. I tabellen kan ein sjå at det var ingen kjøp av kvote frå staten i 2023 og 2024.

Lenker

Melkekvoter - Landbruksdirektoratet

Opnar for 20% meir mjølkeproduksjon - regjeringen.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.