Kontroll av kraftfôrbaserte produksjonar for 2023 er i gang

Gris under fôring

Statsforvaltaren har ansvar for å føre kontroll med at husdyrkonsesjonsregelverket blir overheldt. Vi gjennomfører no kontroll av produksjonen i 2023.

Publisert 16.05.2024

Lov om regulering av svine- og fjørfeproduksjonen (husdyrkonsesjonslova) med tilhøyrande forskrift regulerer det kraftfôrbaserte husdyrhaldet, og omfattar all svine- og fjørfeproduksjon i Noreg. Føremålet er å legge til rette for spreidd husdyrproduksjon. Regelverket set grense for kor mange dyr som kan slaktast i løpet av kalenderåret, og kor mange dyr ein kan ha i produksjonen til ei kvar tid.

Konsesjonsfri grense er 2 100 konsesjonseiningar (K.E)

Lova har fastsette grenser for kor stor produksjonen kan vere i eit føretak. Konsesjonsgrensa er gitt i tal dyr, og konsesjonsfri grense er alltid tilsvarande 2 100 K.E. For å kunne produsere meir enn konsesjonsfri grense, må ein ha fått innvilga konsesjon. Konsesjonsfri grense er ikkje avgrensa til å berre gjelde ved teljedatoane for søknad om produksjonstilskot, 1. mars og 1. oktober, men gjeld «til ei kvar tid», heile kalenderåret.

For høner gjeld innsette høner til ei kvar tid heile kalenderåret. Det vil seie at det er ikkje tillate å ha fleire verpehøns enn konsesjonsgrensa, eller tal høns for innvilga konsesjon. Høner er konsesjonspliktige frå og med 20 veker, og talet skal ikkje overstige 7 500 dyr om ein ikkje har konsesjon for høgare produksjon.

For avlspurker gjeld innsette avlspurker til ei kvar tid, og utrangerte avlspurker per år. Dermed er det ikkje på noko tidspunkt tillate å ha fleire innsette avlspurker enn konsesjonsgrensa, eventuelt innvilga konsesjon. Det er heller ikkje tillate å utrangere fleire avlspurker enn konsesjonsgrensa, eventuelt innvilga konsesjon.

Det betyr at produsentar med avlspurker må forhalde seg til to konsesjonsgrenser. Det er utrangerte purker og innsette purker, og forholdet mellom desse og slakta gris. For slaktekylling, kalkun og slaktegris gjeld tal omsette og slakta dyr pr. år.

Oversikt over grenser og konsesjonseiningar for dei ulike produksjonane finn du i forskrift om svine- og fjørfeproduksjon i § 1 om konsesjonsgrenser og § 3 om forholdstal. Vi viser vidare til definisjonar for dei ulike dyregruppene i forskrifta § 4. 

Kontroll

Statsforvaltaren har på oppdrag frå Landbruksdirektoratet ansvar for å føre kontroll av husdyrkonsesjonsregelverket. Kontrollen omfattar dokumentkontroll og stadleg kontroll. Vi har tilgjengeleg informasjon om produksjonen frå leveransedatabasen, og i tillegg vil vi i nokre tilfelle be føretaket om meir dokumentasjon for produksjonen. Stadleg kontroll blir gjort på eit risikobasert utplukk av føretak.

Det blir sendt informasjonsbrev til produsentar som har produsert over konsesjonsfri grense i 2023. Dette for å gjere dei merksame på at produksjonen i 2024 må reduserast tilsvarande overproduksjonen i 2023 for å unngå økonomisk reaksjon.

Det blir sendt varselbrev om krav om betaling av standardisert erstatning viss produksjonen dei to siste åra (2022 og 2023) var over konsesjonsfri grense, og viss produksjonen overstig 15 % over produksjonsfri grense i 2022. Den standardisert erstastninga for overproduksjon går til Omsetningsrådet sitt fond. Les meir om to-årsregelen under.

To-årsregelen

I § 2 i forskrifta om produksjon over to år står følgjande:

«Det er tillatt å overstige konsesjonsgrensen eller innvilget dyretall med inntil 15% ett år, mot tilsvarende reduksjon i produksjonen det påfølgende året. Det er alltid de to siste årene som vurderes i sammenheng.»

Regelen betyr at produksjonsomfanget skal vurderast over to år. Det er fordi det er mogleg for eit føretak å produsere inntil 15 % over konsesjonsgrensa eitt år, mot ein tilsvarande reduksjon året etter. 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.