Informasjon om blåtunge

Ungdyr på beite i Sandnes.
Ungdyr på beite i Sandnes. Foto: Iris -Adele Jess / Statsforvaltaren i Rogaland.

Nyleg har blåtunge blitt påvist i 5 besetningar i Agder. Sjukdomen er kategorisert som ein liste 1-sjukdom i Noreg. Dyreeigar har plikt til å varsla Mattilsynet om mistanke om blåtunge.

Publisert 12.09.2024

Blåtunge er ein sjukdom som smittar drøvtyggarar, både produksjonsdyr og vilt, via blodsugande sviknott. Sjukdomen smittar ikkje mellom dyr, men kan smitta ved bruk av sprøytekanylar forureina med virus eller infisert avlsmateriale.

Fjøsvandrarar må vera merksame på at dei kan bera med seg smitteberande knott frå smitta besetning til frisk besetning, og på den måten spreie sjukdomen. Dyreeigar har ansvar for å ha gode rutinar for smittevern på sin gard.

Kor finne meir informasjon?

Mattilsynet har oppretta ei informasjonsside om blåtunge.

Her finn du alt du treng å vite om symptomar hos dyra og varsling til Mattilsynet. Du kan og abonnera på nyheitsbrev om blåtunge.

Lenke til informasjon om blåtunge

Rett til erstatning

Dyreeigar har rett på erstatning for husdyr når Mattilsynet fattar vedtak om avliving med heimel i matlova § 23. Om dyr blir avliva utan vedtak frå Mattilsynet, gir dette ikkje rett til offentleg erstatning.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.