Ny gjødselbruksforskrift – Statsforvaltaren vurderer spreiefristen for husdyrgjødsel

Elvemusling er ein av fleire artar som er sårbar for organisk belastning, inkludert husdyrgjødsel.

Nyleg blei ny gjødselbruksforskrift landa etter mange års revisjonsarbeid. I husdyrfylket Rogaland er forskrifta eit viktig rammeverk for både matproduksjon, naturmangfald og vassdrag. Statsforvaltaren har fått nye oppgåver, og er gitt heimel til å sette strengare krav for bruk av husdyrgjødsel. Av omsyn til vassmiljø set vi i gang arbeidet med å vurdere 1. september som  lik spreiefrist i heile fylket. 

Publisert 04.02.2025

To ulike spreiefristar i Rogaland

31. januar kom ny gjødselbruksforskrift og gjødselvareforskrift. Forskriftene skal legge til rette for god bruk av gjødselressursane. I høyringsforslaget var spreiefristen for organisk gjødsel foreslått til 1. september. I endeleg forskrift har Rogaland fått to ulike spreiefristar. 1. september for kommunane Stavanger, Sola, Randaberg, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå, medan 15. september gjeld for resten av fylket.

Statsforvaltaren vil halde på 1. september

Spreiefristen i Rogaland har vore 1. september så framt gjødsla ikkje blei nedmolda. Ingen av kommunane i Rogaland hadde lokal forskrift som tillèt seinare spreiing. Det er store mengder husdyrgjødsel tilgjengeleg i Rogaland, og god bruk og lagring av gjødselressursane er avgjerande for å nå mål i vassforskrifta. Det er også god økonomi og agronomi i å bruke gjødsla tidleg i vekstsesongen. Fleire vassdrag enn dei på Jæren er påverka av jordbruk, og står i fare for å få forverra tilstand. Statsforvaltaren går difor i gang med å vurdere lik spreiefrist for heile fylket. Arbeidet vil følgje vanleg saksgang for fastsetting av lokal forskrift med 3 månadars høyringsfrist.  

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.