Husdyrgjødsel

Ein stor del av Noreg sin husdyrproduksjon skjer i Rogaland. Det gir store gjødselressursar som må forvaltast på ein god måte. Statsforvaltaren skal legge til rette for næringsutvikling, bidra til god og miljøforsvarleg bruk av husdyrgjødsel, og følge opp kommunane sitt arbeid med kontroll og tilsyn.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 17.12.2024

Ny gjødselbruksforskrift blir til å leve med

I februar 2025 kjem det nye forskrifter om bruk av gjødsel. Det blir innstrammingar, men nye fosforgrenser vil gjelde først frå 2027. Det gir rimeleg god tid for tilpassing.


Publisert 24.04.2024

Vil du rekne ut dei nye spreiearealkrava?

Ny gjødselbruksforskrift er på høyring, og Statsforvaltaren i Rogaland og Landbruksdirektoratet har utarbeidd ein kalkulator til hjelp for å rekne ut dei nye spreiearealkrava på eigen gard. 


Publisert 26.03.2024

Ny gjødselbruksforskrift – viktig for Rogaland!

Gjødselvareforskrifta er eit viktig rammeverk i husdyrfylket Rogaland, og ny forskrift er no på høyring etter mange års revisjonsarbeid. Vi går her igjennom nokre av dei sentrale elementa i forskrifta.


Publisert 21.09.2023

Ny GDE-kalkulator

Forskrift om organisk gjødsel regulerer bruk og lagring av husdyrgjødsel. Husdyrgjødsel kan berre nyttast på areal godkjend som spreieareal , og GDE-kalkulatoren er eit hjelpemiddel for å berekne tal gjødseldyreiningar (GDE) og krav til spreieareal på eit landbruksføretak.


Publisert 23.05.2023

Regelverk kring oppføring av nytt frittliggande gjødsellager

Søknad om å byggje nytt gjødsellager skal sendast til kommunen gjødsellageret skal ligge i. Kommunen skal behandle saka både etter plan- og bygningslova og etter forskrift om organisk gjødsel.


Publisert 12.04.2023

Tilskot til bygging av gjødsellager

Fekk den noko seine våren deg til å tenke på lagerkapasitet for husdyrgjødsel? Det er mogleg å søkje Innovasjon Norge om støtte til å bygge nytt gjødsellager. Kommunen kan også løyve SMIL-midlar til tak/dekke over eksisterande gjødsellager.


Publisert 28.02.2023

Når kan husdyrgjødsla køyrast ut?

Det vårast, og mange begynner å bli rimeleg klar til å køyre ut husdyrgjødsel. Les gjerne NLR Rogaland sin fagartikkel om kor tid det er fornuftig å gjødsle. 


Publisert 25.11.2022

Ny rapport med faggrunnlag for gjødselvareforskrifta

I eit nytt arbeid med faggrunnlaget for gjødselvareforskrifta har det blitt sett på avlingsnivå og fosforbalansar i Rogaland, utvikling av fosfortal i jord og potensialet for å endre fosforinnhaldet i kraftfôr. Det er foreslått ulike tiltak for å redusere fosforutsleppet frå storfeproduksjonen i Rogaland.


Publisert 17.08.2022

Innmarksbeite under kraftliner er ikkje spreieareal for husdyrgjødsel

Det er i utgangspunktet ikkje høve til å gjødsle innmarksbeite med husdyrgjødsel eller annan organisk gjødsel. Bøndene kan søke kommunen om å godkjenne innmarksbeite som spreieareal. Kommunen må då vurdere behovet for gjødsling opp mot omsyn til biologisk mangfald, vassmiljø og samfunnssikkerheit. Føringane er at areal under kraftliner ikkje skal godkjennast.


Publisert 25.01.2022

Spreieareal-kalkulatoren er oppdatert

Kalkulatoren er eit hjelpemiddel for å berekne tal gjødseldyreiningar og krav til spreieareal etter forskrift om organisk gjødsel. Statsforvaltaren i Rogaland har nå oppdatert kalkulatoren.