Hugs å disponera mjølkekvote innan 1. november

Mjølkeku. Foto: Eli Munkeby Serigstad

No kan du registrera disponering av mjølkekvote for 2025. Fristen er sett til 1. november!

Publisert 23.10.2024

På Landbruksdirektoratet sin nettstad finn du skjema for å registrera disponering av mjølkekvote for 2025.

Vi siterar informasjon gitt av Landbruksdirektoratet:

«Eigar av landbrukseigedom med grunnkvote skal registrere kva for mjølkeprodusentar som skal disponere grunnkvoten neste år. Dette gjeld også ved produksjon på eigen kvote. Viss eigar ikkje endrar noko, blir gjeldande disponeringa automatisk vidareført frå år til år. 

Om ein har selt delar av kvoten sin i år, blir eksisterande disponeringar avslutta automatisk 31.desember 2024. Seljar må derfor disponere den resterande kvoten sin på nytt.

I år har det vore rekordmange som har selt kvoten sin, og det er difor mange som skal registrere disponering etter å ha kjøpt kvote. Hugs å ta kontakt med oss i Landbrukdsdirektoratet i god tid før fristen 1. november, viss du har spørsmål om disponering.»

Lenkje til meir informasjon

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.