Godt oppmøte på grillkveldane så langt

Så langt er det gjennomført to grillsamlingar i forbindelse med Storfesatsinga og det har vore bra oppmøte desse kveldane.

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.09.2013

Hos Ingvar Sagår i Bjørheimsbygd arrangerte vi den første grillkvelden. Der kom det nærare 70 deltakarar og tilbakemeldingane var gode. I ei uformell spørjeundersøking fekk vi svar på kva bøndene ønskte meir informasjon om. Ikkje overraskande var det økonomi, bygningar og beitebruk som var mest interessant.

Den andre grillkvelden blei arrangert hos Aleksander Tengesdal i Bjerkreim og der var det 25 deltakarar. Og der blei produsentane spurt om kva som var interessant å få meir informasjon om. Her var dei fleste spesielt opptekne av økonomi, produksjon/drift og fôring.

Komande grillkveldar
Måndag 9. september blir det ny grillkveld, denne gongen hos Karl Tunheim på Undheim og torsdag 11. september er vi hos Sven Narve Veshovda i Eigersund. Grillkveldserien avsluttar vi i Tysvær hos Kjell Arne Waage måndag 24. september.

I kjølvatnet av desse kveldane arrangerer vi informasjonsmøter med spesifikke tema for å setje fokus på det som storfeprodusentane er mest opptekne av. Då blir det faglege foredrag som går djupere inn på enkeltområde. Invitasjonar til desse gratis kveldsmøtene blir sendt ut i haust. Vennligst ta kontakt viss du vil få tilsendt invitasjon.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.