God påmelding til samling for beitelaga i november
Beitelaga er invitert til fagsamling den 4. og 5. november på Bryne. Det blir informert om fleire aktuelle tema, og det er sett av god til spørsmål og diskusjon. Så langt har over 50 personar meldt seg på.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Føremålet med organisert beitebruk gjennom beitelag, er å leggja til rette for best mogleg utnytting av beite i utmarka, og redusera tap av dyr gjennom organisert tilsyn, organisert sanking og andre målretta fellestiltak i beiteområda. Det er investeringsstøtte til ulike samarbeidstiltak som sperregjerde, bruer, skiljegarder, gjetarhytter m.m. Vidare er det årleg støtte til drift av beitelag, og i Rogaland er førebels sats dette året kr 20 pr. heimsanka sau, lam og storfe. Søknadsfristen for beitelaga om den årlege driftstøtta er som tidlegare år, 1.november.
På landsbasis er utmarksbeitinga godt organisert i beitelag, der om lag 80% av sau og lam på utmark er med i organisert beitebruk. Rogaland har om lag 100.000 sau og lam med i organisert beitebruk, men dette utgjer ikkje meir enn om lag 35% av dyra på utmarksbeite. Hovudforklaringa på den låge prosenten i Rogaland er at mange sauebønder har store beiteareal heime på garden, og er dermed ikkje med i beitelag. For tida er det 44 lag registrerte i Rogaland, og det er potensiale for fleire beitelag i vårt fylke.
På fagsamlinga der også slakteria er invitert, er det tema både på sau og storfe. For meir informasjon viser vi til vedlagt program.