Fjørfehaldarar må ha fokus på godt smittevern
Med bakgrunn i utbrotet av fugleinfluensa hos villfugl i Finnmark, er det viktig at kommersielle fjørfehaldarar har gode rutinar for smittevern.
Publisert 27.07.2023
Mattilsynet ber kommunane vere førebudd på at utbrot også kan kome andre stader i landet. Samtidig minnar dei om at godt smittevern er nødvendig, både hos kommersielle fjørfeprodusentar og dei som driv med hobbyfjørfe.
I eit informasjonsskriv til statsforvaltarane skriv Mattilsynet også om korleis døde villfuglar skal handterast.
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66 -
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13