Er du opptatt av jordvern og arealbruk – bli med på laget!
Brenn du for berekraftig arealbruk og levedyktig landbruk, då har vi ledig stilling til deg. Vi er på leit etter rett person med erfaring frå fagfeltet. Er det noko du ikkje kan frå før, har me gode kollegaer som vil bidra med kunnskap.
Vi har lyst ut fast stilling innan plan- og arealforvalting, er du nysgjerrig så sjå for all del på stillingsannonsa. Primært søker vi etter kompetanse innan plan- og eigedomsfag. Vi ser helst at du har kunnskap om landbruk, men rett person er det viktigaste.
Kampen om areala i Rogaland
I Rogaland er det mykje folk og stor aktivitet, samstundes har vi dei mest aktive jordbruksområda i landet. Dette gir utfordringar når det gjeld bruk og vern av areal, og vi har i oppgåve å finne gode løysingar i balansen mellom nasjonal politikk og lokale interesser, gjennom planar og enkeltsaker. Vi har eit lovverk å forvalte, men like viktig er det å formidle kvifor vi må ta vare på matjorda og sikre bonden grunnlag for matproduksjon. Jordvern har fått auka merksemd grunna auka fokus på beredskap og sjølvforsyning.
Vi jobbar i lag
Hos oss får du arbeide med varierte og interessante oppgåver innan planlegging og særlovar i landbruket, ofte i dialog med kommunar. Vi er 23 tilsette i avdelinga, og på det aktuelle fagfeltet er det eit team på 4 personar, som alle ønskjer å gjere kvarandre gode.
Ta kontakt
Du må gjerne kontakte landbruksdirektør Monica Dahlmo eller ass. direktør Anfinn Rosnes som er næraste leiar på fagfeltet.
Me snakkast!