Rekordløyving til Biogass i Rogaland!

På studietur til Outrup biogass, mai 2022.
Aktørar frå Rogaland på studietur til Danmark for å sjå på biogassanlegg. Foto: Anfinn Rosnes.

Enova har send ut melding om historisk høg støtte til biogassproduksjon på eitt år. Nå skulle alt ligge til rette for at vi får etablert minst eitt større anlegg i Rogaland.

Publisert 19.12.2024

Enova la ut pressemelding den 18.12.2024, der det kjem fram at det er tildelt 437 mill. kroner til 8 prosjekt. Dei viser også til at det er på plass avtalar med landbruksnæringa for levering av husdyrgjødsel til anlegga.

Mest støtte til Rogaland

3 av dei 8 prosjekta er lokalisert i Rogaland:

  • Havila BG Haugalandet AS i Tysvær, 45,3 mill. kroner
  • Haugaland biogass AS på Karmøy, 41 mill. kroner
  • Bio Jæren AS i Hå, 124,3 mill. kroner

Desse tildelingane kjem i tillegg til prosjekta som har fått støtte tidlegare (Vindafjord, Finnøy).

Stort potensiale

Vi har tidlegare peika på at det er eit stort unytta potensiale for biogassproduksjon i husdyrtette Rogaland, og nytt gjødselregelverk har nok bidrege til at biogass som del av løysinga har fått auka merksemd. Vi har samstundes peika på at lokalisering av anlegg må vere sentralt når det skal skivast forpliktande avtalar om levering og mottak av husdyrgjødsel.

Spanande 2025

Vi har ved fleire høve etterlyst framdrift i realisering av biogassanlegg i Rogaland, og nå må vi kunne vente at noko skjer i 2025. Alt ligg nå til rette for at vi ser byggestart.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.