Flisfyring også på Jæren
Fleire er litt skeptiske til å satsa på flisfyring på Jæren fordi dei er usikre på om leveransar av flis vil vera trygg i åra framover. Prosjektleiar Christer Andersen i Bioenergi Rogaland har svaret klart: - Nok flis er ikkje problemet. Fleire leverandørar står klare med flisbilen for dei som vil satsa på fornybar, økonomisk og miljømessig god energi.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Prosjektleiaren får ein del spørsmål både om tilgangen på flis og økonomien ved flisfyring. Mange spør etter fagleg og nøytral informasjon. Christer Andersen hadde difor nyleg ein artikkel i Bondevennen. Artikkelen tek for seg både miljømessige og økonomiske forhold, og dessutan noko om tilgangen på flis og fliskvalitet.
Interessa for flisfyring har tatt seg merkbart opp siste året, og det er i dag fleire større prosjekt under planlegging på Jæren.
Prosjekt Bioenergi Rogaland har som mål å mobilisere landbruket, offentlege bygg og private utbyggjarar til å vurdera bioenergi som varmekjelde. med tilhøyrande beregninger.
Du kan lesa heile artikkelen i Bondevennen her.
Christer Andersen kan kontaktast på mob. 916 25 665 eller e-post: christer.andersen@bioenergirogaland.no